I dag kom Noregs vassdrags- og energidirektorat med ein ny rapport for Mjøsa som viser kor store dei største flaumane kan bli.
Ved ein 200-årsflaum kan Mjøsa stå 40 centimeter høgare enn kommunane har førebudd seg på.
Usikkert
Rapporten vart lagt fram på eit digitalt møte i dag, og NVE måtte tole kritikk frå ordførarane på båe sider av Mjøsa.
– Når NVE innfører desse nye tala, er det mange som blir påverka, seier Hamar-ordførar Einar Busterud.
KRITISK: Ordførar Einar Busterud er kritisk til at ein slik rapport ikkje tek omsyn til samfunnsøkonomiske kostnader.
Foto: Knut Røsrud / NRKDen førre flaumrapporten for Mjøsa kom i 2000.
Det er desse utrekningane farekarta i Gjøvik, Hamar, Lillehammer og Eidsvoll tek utgangspunkt i.
Når vatnet no viser seg å kunne stige 40 centimeter meir enn planlagt, er det eit problem.
Bortvaska planar
Pågåande byggjeprosjekt tek utgangspunkt i gamle tal. Frå i dag klokka 12 gjeld heilt nye farekart.
Busterud er misnøgd med prosessen.
– Det verste er at det blir behandla som om flaumen kjem heilt plutseleg. Ein flaum i Mjøsa kjem ikkje plutseleg, du har nesten to veker med varslingstid.
Dei nye tala påverkar kommunar rundt heile Mjøsa. Store bustadprosjekt og vegutbygging må vurderast på nytt, og blir truleg dyrare. Jernbanelina er også utsett.
– Det har enno ikkje vore ein togstopp på Hamar som skuldast Mjøsa, kommenterer ordføraren.
Han saknar ein betre analyse av kostnadane ein slik flaumrapport fører med seg for kommunane. No skal Busterud sette seg ned med aktørar som er påverka for å sjå kva slags konsekvensar dette får.
Historiske tal
Mjøsa er Noregs største innsjø. Mykje av vatnet kjem frå Gudbrandsdalslågen.
«Vesleofsen» frå 1995, kalla opp etter «Storofsen» i 1789, viser tydeleg kor store øydeleggingane kan bli ved ein storflaum.
Elven Moksa på Tretten tok seg et nytt løp og huset øverst til høyre ble kort tid etter bildet ble tatt ført med og knust i flomvannet.
Foto: Jon Eeg / NTB SCANPIXEt hus ble dratt ned i elva Moksa under flommen.
Foto: Jon Eeg / NTB ScanpixSideelva Moksa fant seg et nytt løp gjennom Tretten sentrum i Gudbrandsdalen. Flere bygninger ble ødelagte da elva brøyta seg vei.
Foto: Per Løchen / NTB ScanpixSituasjonen i Glomma-vassdraget utviklet seg dramatisk i 1995. Bildet er tatt nord for Elverum.
Foto: Jon Eeg / NTB ScanpixDaværende statsminister Gro Harlem Brundtland besøkte Elverum under flommen i 1995.
Foto: Bård Gudim / NTB ScanpixStore områder sør for Elverum lå under vann langs Glomma under flommen i 1995.
Foto: Jon Eeg / NTB ScanpixVannet strømmet inn i kjøpesenteret Strandtorget på Lillehammer under flommen i 1995.
Foto: Morten Hval / NTB ScanpixFlomsteinen på Koigen i Hamar viser hvor høyt vannet var under flommen i 1995.
Foto: Cornelius Poppe / NTB SCANPIXVed å bruke historiske data frå tidlegare flaumar, kom NVE fram til eit nytt resultat.
– Det er få plassar vi har så gode data som her, vi har flaumsteinar og skriftlege notat av kva som var flaumhøgda, seier Øyvind Leirset, seksjonssjef for arealplan i NVE.
LANG FLAUMHISTORIE: Vassnivået i Mjøsa kan bli høgt. Storofsen er markert utanfor biletet.
Foto: Even Lusæter / NRKDen nye rapporten brukar data frå heilt tilbake til Storofsen i 1789. Då døydde det fleire titals menneske og mange tusen hus vart totalskadd.
Kan ikkje kontrollere vatnet
Leirset fortel at ved så store flaumar har regulering av vassmagasin lite å seie. Dersom ein opnar slusene heilt, vil det vere dårleg nytt for Lillestrøm og Eidsvoll, utan at det hjelper områda lenger opp i vassdraget.
– Mjøsa er Noregs største innsjø, og når vi pratar om ein 200- eller 1000-årsflaum, er det prat om enorme vassmengder, seier Leirset.
NYE PLANAR: Kommunane rundt Mjøsa må no ta omsyn til NVE sin nye flaumrapport.
Foto: Even Lusæter / NRKI tida framover kjem NVE til å lage nye flaumsonekart for kommunane, men han seier det var viktig å få ut tala no.
– Då kan kommunane ta omsyn til det allereie no i planlegging av prosjekt.