– Det verkar som dei fleste studentane opplever stor frustrasjon rundt hendinga, seier Even Brujordet.
Han er student og institutt-tillitsvalt ved Institutt for Design ved NTNU i Gjøvik, og er ein av dei 123 studentane som gjekk opp til eksamen i det nye emnet «IDG2000 – Områdeemne, Velferdsteknologi på tvers av fag».
Eksamen var av typen «multiple choice», altså at ein skulle velje rett svar. Men, under eksamen var det ein ting som skurra.
I eksamensteksten stod det at feil svar gir null poeng. Dette betyr at dersom ein student kryssa av på absolutt alle svar, så ville dei ikkje få trekk, og ville berre få poeng for rette svar.
Kryssa dei av på absolutt alle svar kunne dei altså få toppkarakteren A.
No må alle dei 123 studentane ta eksamen på nytt i januar.
– Her burde det oere betre rutinar på plass. Hadde eksamen blitt tilstrekkeleg kvalitetssikra på førehand hadde me unngått denne situasjonen, seier Brujordet som uttaler seg på vegner av studentane som tok heime-eksamenen i det nemnde emnet.
Fekk kontrabeskjed – to gonger
Problemet var først at feil svar gav null poeng, men ein halvtime ut i eksamen fekk studentane ein e-post der det stod at feil svar ville gi minuspoeng. Då måtte altså studentane passe på å berre krysse av for det som er rett svar. Dette skulle vise seg å vere feil, det også.
Studentane fullførte dei tre timane med eksamen, og tre og ein halv time etter kom det ein ny e-post. Her blei det opplyst om at det å krysse av for feil svar likevel ikkje ville gi minuspoeng.
I ettertid fekk studentane e-post frå ein annan NTNU-tilsett, der personen skreiv at dei har fått fleire «bekymringar rundt gjennomføring av eksamen». Det står at eksamen vart opplevd for enkel, den dekka ikkje eit omfang av litteratur, og at det vart gitt kontrabeskjed om poenggiving under eksamen.
Timar etter dette fekk studentane ein ny e-post frå den same personen om at eksamen vert annullert, og må takast på nytt. Dette fordi det ikkje var tilstrekkeleg grunnlag for å kvalitetssikre eksamen.
– Det er ingen som synest det er gøy å måtte ta ein eksamen ein gong til, det er klart at det er frustrerande for studentane. Samtidig vil det å ta eksamen på nytt bli ei mykje meir rettferdig gjennomføring, der alle stiller med like føresetnader, seier Brujordet.
Beklagar hendinga
I ein e-post til NRK skriv NTNU i Gjøvik at eksamenen hadde feil i oppgåvesettet på grunn av mangelfull kvalitetssikring.
– Dette er svært beklageleg for dei som er råka og det gjerast no ei grundig evaluering, står det i e-posten.
Vidare står det at det var studentane som raskt oppdaga feilen, noko dei meldte frå om til NTNU i Gjøvik. Dette vil dei rose studentane for.
– Eksamen er no annullert og studentane mistar ikkje nokon av sine eksamensforsøk, skriv NTNU i Gjøvik.
Dei opplyser om at alle studentane i etterkant av eksamen blei invitert til eit digitalt møte om situasjonen.
– I møtet blei det blant anna sett ned ei gruppe som skal sikre studentane si medverking ved fastsetting av ny eksamensdato i januar, slik at ulempa blir så lita som mogleg. Studentane vil også bli tilbode ei ekstra førelesing i framkant av ny eksamen, skriv NTNU i Gjøvik.
Brujordet seier at dei fleste studentane synest NTNU i Gjøvik har handtert og løyst situasjonen på ein god og rettferdig måte.
– Dei har tatt tilbakemeldingane våre på alvor og prioritert saka med ein gong. Dei har vore opne med oss om at denne eksamenen ikkje blei gjennomført på ein god måte, og har bedt om tilbakemeldingar frå oss gjennom hele prosessen, seier Brujordet.
Ny, kvalitetssikra, eksamen for studentane blir i januar.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: