Hopp til innhold

Må ha tett oppfølging i trening for å hindre seinskadar av koronaviruset

LILLEHAMMER (NRK): NTG-elevane Kristoffer (18) og Per (17) er omsider friskmelde og ute av isolasjonen. No skal dei trene seg opp igjen.

ntg-elever ute av karantene

FRISKMELDE: Kristoffer Rogstadmoen og Per Holmaas Johansen var blant dei som vart smitta av koronaviruset ved Noregs toppidrettsgymnas på Lillehammer. No er dei friske og skal trene seg opp igjen.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Kvardagen går ut på å trene for å kunne leve av hockey. Men denne hausten starta ikkje heilt som planlagt, då viruset braut ut på skulen deira.

Dei har sitte åleine på hybelen med treningsforbod, heimeskule og dataspel i to veker. No er det tungt berre å gå ein tur, seier dei to gutane.

– Vi kjem til å henge etter dei andre som har vore på trening. Og dei andre laga som har trent som normalt. Sjølvsagt har eg vore redd for at spesielt denne sesongen skal ryke, seier Kristoffer Rogstadmoen (18).

Kan få seinskadar

Skadane ein kan få etter å ha hatt koronaviruset kan vere meir alvorlege enn ein har trudd.

Det har kardiolog og professor, Charlotte Ingul funne ut. Ho forskar på seinskadar av covid-19. Rundt 260 av dei som har vore innlagde på sjukehus med viruset har vore med i studien.

– Det starta som eit lungestudie. Men så har vi sett at viruset har infiltrert hjartemuskel-cellene. Dette råkar hjartet og lungene meir enn vi trudde, seier Ingul.

Charlotte Björk Ingul

FORSKING: Forskinga til Charlotte Ingul viser at koronaviruset går hardare på både lunge og hjarte enn dei trudde. Ho seier idrettsutøvarane må vere veldig forsiktige i opptreninga.

Ho seier det er dei med hjarte- og karsjukdommar, diabetes, høgt blodtrykk eller fedme det går verst med. Ungar og ungdommar greier seg oftast bra.

– Det er få av dei som får seinskadar fordi dei har så effektivt immunsystem og er friske frå før. Men det gjeld ungdommar flest og ikkje toppidrettsutøvarar, seier forskaren.

Fordi NTG-elevane trenar så mykje som dei gjer kan dei lettare få infeksjonar, fortel ho. Hardt trening, som toppidrettsutøvarar driv med, kan nemleg redusere immunforsvaret.

Difor meiner forskaren at det kanskje ikkje er så rart at såpass mange der fekk viruset. I tillegg bur elevane ved toppidrettsgymnaset tett.

Sjølv om ho trur dei unge idrettsutøvarane har gode sjansar for å greie seg bra, må dei passe enno betre på enn andre.

– Til forskjell frå liknande virus, kan denne ligge i kroppen lenge og vi anar enno ikkje kva det betyr. Det er utruleg viktig at dei er ekstra observante, seier Charlotte Ingul.

Milde Symptom

Kristoffer Rogstadmoen og Per Holmaas Johansen vart ikkje så sjuke av koronaviruset.

– Eg hadde ein dag der eg følte meg tett og tung i hovudet. Og litt vondt i halsen, seier 17-åringen.

Dei seier dei hadde vore meir bekymra for å få seinskadar av viruset om dei hadde vore sjukare.

NTG-elevar ute av isolasjon

TRENINGSFORBOD: Dei to ungdommane har hatt treningsforbod i fleire veker og gler seg til dei får lov til å komme inn i ishallen igjen.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Ein er jo redd for det, men det er ikkje noko eg går og tenker på no, seier Rogstadmoen.

Ein som har vore meir bekymra for utøvarane er trenaren deira, Åge Ellingsen. Han er sportssjef for Ishockeyavdelinga på skulen i Lillehammer.

Åge Ellingsen, trener ved NTG på Lillehammer

BEKYMRA: Trenar, Åge Ellingsen var redd nokon av utøvarane skulle bli veldig dårlege av viruset. Men dei fleste har berre hatt lette symptom.

Foto: privat

– Ein går jo med ei viss bekymring for om nokon av dei har ein underliggande sjukdom slik at dei blir veldig sjuke. Men det har ikkje skjedd hos oss, seier Ellingsen.

Han fortel at dei heile vegen har hatt god rettleiing frå kommuneoverlegen og legen ved Olympiatoppen. Det kan ha hjelpt ungdommane mykje, trur han.

– Dei har hatt mange vaksenpersonar rundt seg gjennom NTG-systemet. Så eg trur det har roa utøvarane, seier trenaren.

Tett oppfølging i opptreninga

Når dei unge utøvarane skal trene seg opp igjen må dei vere forsiktige, ifølge forskar Charlotte Ingul.

– Om pulsen i kvile er for høg eller ikkje går raskt nok ned etter trening. Eller ein kjenner ekstraslag på hjartet, brystsmerter eller pustevanskar så må dei raskt til spesialist, seier ho.

Lege i Olympiatoppen, Petter Sørensen, har allereie planen klar for utøvarane ved toppidrettsgymnaset.

Petter Sørensen, lege Olympiatoppen

FORSIKTIG: Petter Sørensen i Olympiatoppen følger opp treninga til dei elevane som har vore smitta av viruset. Dei skal starte veldig roleg, seier han.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Eg er oppteken av at vi er litt forsiktige ut av sjukdommen og gjer gode val. Ved å vise omsyn no kan vi antakeleg førebygge nokre negative forløp, seier Sørensen.

Utøvarane får ulikt opplegg ut frå kor sjuke dei har vore av koronaviruset, og skal ta det veldig roleg dei første vekene.

– For ein hockeyspelar ved NTG er dette litt uvant. Om du har sitte inne har eg stor forståing for at det rykkjer litt i armar og bein. Det blir utfordrande for dei, men dei vil nok klare det fint, seier Sørensen.

Den første økta til Kristoffer Rugstadmoen og Per Holmaas Johansen blir berre eit kvarters lett aktivitet. Dei gler seg til å komme i gang, sjølv om dei trur det blir ganske tungt.

– Vi har vore lenge borte og sitte mykje i ro, så vi må få maskineriet i gang igjen, seier Holmaas Johansen.