Hopp til innhold

Trafikkskulane vil ha automatgir som standard – ser til Frankrike

– Som fersk sjåfør kan du bli meir oppteken av giringa på bilen enn å følgje med på trafikken.

Eric Nicolai Vahtera Narten

MANUELL: 18 år gamle Eric Nicolai Vahtera Narten sver til manuelt gir når han skal ta lappen no.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Fleire og fleire tar lappen for automatgir. Autoriserte Trafikkskulars Landsforbund vil at det skal bli standarden.

Dei meiner at det å kunne køyre bilar med manuell girkasse skal vere ei tilleggskompetanse ein kan få etter nokre køyretimar.

Manuell giring

MANUELT GIR: Dei færraste nye bilar på vegen har manuelt gir, så det er tull å ta lappen for det, seier ATL.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Tryggare med automatgir

Direktør Torgeir Abusdal i ATL, meiner dette kan gjere trafikktryggleiken betre. Han seier at som fersk sjåfør kan du fort bli meir oppteken av giringa på bilen enn å følge med på trafikken.

– Viss du slepp å plundre med giring og clutching har du meir oversikt og får samhandla meir i trafikken, seier Torgeir Abusdal.

Torgeir Abusdal

TULL: Torgeir Abusdal i Autoriserte Trafikkskulars Landsforbund seier det ikkje blir bruk for å kunne køyre bil med manuelt gir framover.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Ei undersøking som vart gjort av YouGov og Frende Forsikring i 2018 viste at dei mellom 18 og 29 stressar mest i trafikken.

84 prosent i denne gruppa svarte at dei var hissige eller stressa når dei køyrde bil, og dei over 60 stressa aller minst.

– Treng det ikkje

Ifølge tal frå Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV), var over 95 prosent av dei nye bilane på vegen i 2019, bilar med automatgir.

NRK gjorde eit søk på Finn.no, som viste at også dei fleste bruktbilar for sal der no, er automatiske.

– Dei fleste som tar eit førarkort i dag på manuell løysing treng det ikkje. Då synest vi at sikkerheitsmessig, miljø og økonomi gjer at det er tull å halde fram med det, seier Abusdal.

Svein Svendsen trafikkskule

KØYRESKULE: Svein Svendsen køyreskule seier dei fleste på Gjøvik vil ha lappen for manuell girkasse.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Forbundet vil at dei som allereie har lappen på bilar med automatgir, skal kunne velje å få tilleggskompetanse på manuell etterpå.

Då kan ein ta nokre køyretimar som blir meldt inn, slik at du får førarretten utan å ta ny oppkøyring.

Ifølge direktøren er det slik dei gjer det i Frankrike, og han meiner det kjem til å bli slik fleire plassar i Europa.

Ikkje einige

18 år gamle Eric Nicolai Vahtera Narten skal ta lappen no, og er ikkje einig i at ein bør droppe å ta lappen for manuelt gir.

– Eg skal utdanne meg som røyrleggar. Eg må ha lappen for manuell bil fordi dei ikkje tar inn automatbilar i firmaet, seier han.

Vegard Bostad er køyreskulelærar i Svein Svendsen Trafikkskule. Hos den skulen tar 60 prosent av Oslo-elevane lappen for automat.

Men på Gjøvik, der han jobbar, er talet mykje lågare.

– Det vil framleis vere mange som ønsker manuell på grunn av at det ofte er det ein 18-åring har råd til. Samstundes som mange vel yrke der dei må kunne køyre begge deler, seier Bostad.

Vegard Bostad

IKKJE RÅD: Køyreskulelærar, Vegard Bostad seier unge ofte ikkje har råd til å kjøpe bil med automatgir.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Flere saker fra Innlandet