Hopp til innhold

Trur du den norske mjølka kjem frå kyr på fjellbeite? Då må du tru om att

TRETTEN (NRK): Norsk mjølkeproduksjon brukar mykje kraftfôr med importert soya i staden for å nytte beiteressursar. – Trist, seier forskar.

Kyr på beite på Holmemstranda i Rauma

IDYLL: Det er slik me likar å tru at norsk mjølkeproduksjon er: Kyr på beite i frodig natur. I praksis beiter den norske mjølkekua mindre enn tidlegare, og får meir og meir kraftfôr. På få år har import av matkorn og råvarer til kraftfor meir enn dobla seg, ifølge Felleskjøpet. Arkivfoto av kyr på beite i Rauma kommune.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Sjå for deg ei seter i den norske fjellheimen, med beitande kyr rundt. Grønt og saftig fjellgras skal gi mjølka den gode smaken, basert på det kyrne finn sjølve ute på beitet.

Det er slik vi likar å sjå for oss norsk mjølkeproduksjon. Men det er ikkje heile verkelegheita.

I staden får Dagros og Litago kraftfôr – altså eit fôr laga av korn og soya. Mykje av dette er importert frå land som Brasil.

Svenn Arne Lie er bekymra for utviklinga i norsk mjølkeproduksjon.

BEKYMRA: Tidlegare landbruksforskar og forfattar Svenn Arne Lie meiner det er trist at norsk landbruk har gjort seg avhengig av importert soya.

Foto: Even Lusæter / NRK

Kraftig auke i kraftfôr

I 1950 var rundt 18 prosent av fôret til mjølkekua kraftfôr. I 2013 hadde talet auka til 43 prosent. Samtidig har beiteandelen gått kraftig ned: Frå 35 prosent i 1950, til under 10 prosent i 2013.

Etter 2013 har kraftfôrandelen vorte rekna ut på ein annan måte, men har vore meir eller mindre stabil på i overkant av 40 prosent av fôret, ifylgje tal frå Tine.

– No føregår det ein heftig debatt i samfunnet om ressursar, klima og mat. Då er det skuffande at jordbruket sjølv og regjeringa i så liten grad fangar opp det som faktisk er folkemeiningar ute i marknaden.

Det seier tidligare landbruksforskar og leiar i Oppland Bonde- og Småbrukarlag, Svenn Arne Lie.

Han forklarar at mjølkeproduksjonen har dei siste ti åra har vore basert på færre og færre bruk, og kyr som mjølkar meir og meir. Produksjonen er i aukande grad basert på at kyr et kraftfôr, og at dyra beitar mindre enn dei gjorde før.

Han meiner det er heilt feil at norske kyr må ha så mykje kraftfôr.

– Alt for få pratar om at me har moglegheit til å snu om på den trenden.

Frå utmark til industrihall

Frå og med 1. januar 2014 har det vore eit krav frå Mattilsynet om at storfe i lausdrift skal vere ute i minst åtte veker kvar sommar. For storfe på bås er kravet 16 veker.

Tidlegare var kyrne på fjellbeite i denne perioden. No er innmarksbeite, altså beite rundt garden, meir vanleg.

Melkekartong fra Tine med kyr som beiter ute i det fri

BEITEDYR: Eit vanleg syn i marknadsføring av norsk mjølk: Kyr på beite. Slik såg ein mjølkekartong frå Tine ut i 2016.

Foto: NRK

– Norsk mjølkeproduksjon er så intensiv at utmarksfôret ikkje har høg nok kvalitet. Men også på innmark går beitinga ned, seier seniorrådgjevar Yngve Rekdal ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio).

Han har i ei årrekke kartlagt utmarka i Noreg med tanke på beitemoglegheiter.

– Bøndene må supplere med kraftfôr for å få den mengda som dagens mjølkekyr skal ha, og kyrne blir ståande meir og meir i industrihallar, seier Rekdal.

– Kraftfôr kan ikkje vere billigare

Lie viser kva type fôr ei mjølkeku får, ved hjelp av mjølkekartongar:

Svenn Arne Lie viser med mjølkekartongar kor mykje mjølk som kjøm frå ulikt fôr.

DØME: Svenn Arne Lie viser med mjølkekartongar kor mykje mjølk som kjem frå ulikt type fôr. Nesten halvparten av mjølka er laga med fôr frå kraftfôr.

Foto: Even Lusæter / NRK

Av ti kartongar er fire og ein halv grasproduksjon og rundballar. Like mange er kraftfôr. Den siste kartongen er beite, men ikkje nødvendigvis frå utmark.

– Norsk landbrukspolitikk baserer seg på ein kraftig subsidiering av kraftfôret. Det billigaste er å fôre kyr med kraftfôr, seier Lie.

– Dersom styresmaktene meiner alvor med sjølvforsyning og auka bruk av jord i Noreg, så kan ikkje kraftfôret vere billigare enn gras.

Mjølkekutt kunne gitt endring

Mjølkebonde Ole Røed frå Skjeberg i Østfold har rundt femti kyr på bås. Han viser fram ei fôrvare han brukar å mikse inn i grovfôret, og den er laga av lokalt dyrka økologisk raps.

Han meiner norske mjølkebønder i dag brukar alt for mykje kraftfôr av soya, og at det er for lite fokus på å hauste av eigne ressursar.

Ole Røed, bonde frå Skjeberg i Østfold, som satsar på kraftfôr av eigne ressursar.

SATSAR: Ole Røed, økobonde frå Skjeberg i Østfold, meiner norsk mjølkenæring bør bli meir klimafokusert, og bruke mindre importerte råvarer i kraftfôr.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Viss me ikkje klarer å fortelje forbrukaren at me ærleg og oppriktig er opptatt av miljø, då har me tapt, seier Røed.

Tidlegare i år kom meldinga om at Noreg ikkje lenger får subsidiere Jarlsberg-ost og andre eksportprodukt. Dermed må mjølkebønder kutte produksjonen med 100 millionar liter.

Dette kuttet meiner Røed hadde vore eit godt tidspunkt for å endre drifta i norsk mjølkeproduksjon.

– Gode mjølkebønder blir lokka til å slutte. Det blir lagt store pengar på bordet. Her kunne summen vore brukt på å satse annleis, og meir berekraftig, seier han.

Statssekretær: – Bøndene må sjølve gjere vurderinga

Statssekretær Widar Skogan (KrF) i Landbruks- og matdepartementet meiner norske bønder brukar lite soya, og at bonden sjølv kan styre kor mykje kraftfôr han brukar.

Men, han lovar auka satsing på beite ved neste jordbruksoppgjer:

– Me skal hauste av den fornybare ressursen som beite er.

Widar Skogan, statssekretær i Landbruks- og matdepartementet

GODT TILBOD: Widar Skogan meiner tilbodet staten har gjeve bøndene, er godt. – Det vil vere landbruk i heile landet også etter dette, seier han.

Foto: Even Lusæter / NRK

Han meiner også at staten har gitt eit godt til bøndene no som produksjonen skal ned.

– Me kan ikkje produsere meir mjølk enn det som blir etterspurt av norske forbrukarar. For at bonden skal sleppe å ta heile rekninga bidreg me økonomisk. Dette er eit nødvendig og positivt grep, seier Skogan.

Nils Kristen Sandtrøen (AP)

FRAMTIDSRETTA: Nils Kristen Sandtrøen (Ap) meiner det hadde vore klokt å bidra til ei forsterking av ein framtidsretta mjølkeproduksjon ved å bruke meir av naturressursane i Noreg.

Skogan får motstand frå landbrukspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, Nils Kristen Sandtrøen, som meiner ein burde bruke meir av naturressursane i Noreg. Han er kritisk til avtalen Høgre-regjeringa har inngått med bøndene.

– Avtalen er gammaldags, og stimulerer til meir sentralisering i landbruket. Her kunne me gått for eit nytt syn med meir bruk av utmarka og betre grasproduksjon.

Flere saker fra Innlandet