Hopp til innhold

Her er fire tiltak forskarar meiner kan redde Noregs største innsjø

For å få kontroll over situasjonen med blågrøne algar og forureining i Mjøsa bør det skje noko fort. Kommunane må ta meir ansvar, meiner forskar.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Midt i det beste sommarvêret, medan dei fleste er på noregsferie, er det ikkje anbefalt å bade i Noreg sin største innsjø.

Førre veke stengde Ringsaker strendene sin på grunn av vekst i blågrøne algar:

Ved kontakt med desse algane kan ein få hudirritasjon og i verste fall forgifting. Prøvene frå Mjøsa førre veke viste at dei ikkje var giftige. Likevel blir det slått alarm om denne forureininga, som skjer for andre gong på tre år.

Jan Erik Thrane er forskar i NIVA. Dei tar prøver av Mjøsa og følger med på algane. Han seier forureininga dei siste åra heng saman med mykje regn og flaum.

– Det vaskar meir næringsstoff ut i Mjøsa, og med klimaendringane forventast både meir nedbør og meir ekstreme nedbørsepisodar, seier han.

I mai la Norsk institutt for vassforsking (NIVA) og Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) fram ein rapport om fosfornivået i ni forskjellige vassdrag og kjeldene til fosfor i dei forskjellige nedbørsfelta.

Den viste at det er måtar å førebyggje dette i framtida.

Oppdater dei avløpsanlegga

Jan Erik Thrane i NIVA seier at når det blir store vassmengder er det ikkje alltid dei mindre avløpsanlegga taklar det.

Større og nyare avløpsanlegg har for det meste kapasitet til å handtere mykje regn. Men mindre, eldre og spreidde avløpsanlegga, som er kopla til enkelthusstandar eller hyttar som ofte ikkje fungerer godt nok.

Jan Erik Thrane

PRØVETAKING: NIVA-forskar finn høgare verdi av fosfor og nitrogen i Mjøsa.

Foto: Haakon Haaverstad, SNO

– Når det blir store vassmengder, taklar ikkje alltid dei mindre avløpsanlegga dette, og det kan blir overløp. Då blir ikkje kloakken reinsa slik han skal, og det blir skylt ut i Mjøsa.

Dersom ein oppdaterer desse anlegga vil ein kunne redusere kor mykje fosfor som hamnar i Mjøsa, meiner forskaren.

Smartare gjødsling

Men det er derimot ikkje alt av det menneskeskapte fosforet som kjem frå kloakken. Noko kjem også frå landbruket.

– Vi har registrert ein oppgang i fosfor i landbruksjorda dei siste åra.

Det seier Marianne Bechmann, seniorforskar ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio).

Marianne Bechmann, forskar ved NIBIO, i åker.

NÆRINGSRIKT FRÅ JORDBRUKET: Med meir flaum og nedbør blir næringsstoffa bønder bruker på jorda sine skylt ut i vassdrag.

Foto: Erling Fløistad / NIBIO

Denne fosforen kjem frå gjødsling. Og med store vassmengder blir næringsstoff frå jordbruk vaska ut i vassdrag.

Bechmann fortel at noko av oppgangen i fosfor kan kome av ein oppgang i forskjellige husdyr. Då blir det ein oppgang i husdyrgjødsel, som har meir fosfor i seg.

– Rett fordeling av gjødsel er viktig, og eg trur dei fleste bønder er interesserte i å ikkje miste dei næringsstoffa dei spreier ut på jorda sine.

I tillegg er det lurt å bruke meir fosforfritt-gjødsel, noko ho fortel mange bønder allereie gjer.

Avgrens haustpløying

Eit anna steg for å avgrense kor lett næringsstoff blir skylt ut frå jordbruket, er å la vere å pløye jorda om hausten.

Ved å la vekstar stå over vinteren, vil plantane kunne halde på noko av næringsstoffa når våren og snøsmeltinga kjem.

Mjøsa hadde lenge låge nivå av fosfor. Oppblomstringa av algar i 2019 var derimot eit farevarsel.

Gressproduksjon langs Mjøsa

NATUR KAN HJELPE: Dersom plantar får stå, både gjennom vinteren, og ved vassdrag, kan dei halde på næringsstoffa og hindre dei frå å bli vaska vekk ved snøsmelting og flaum.

Foto: Marianne Bechmann / NIBIO

– Frå 2000 til 2010 vart det gjennom overvaking av Mjøsa vi låge verdiar av fosfor. Det er det siste tiåret vi har sett tendensar til ei forverring, seier Bechmann.

Ho åtvarar om at det kan bli vanskeleg å gå tilbake til eit «normalt» nivå med algar, dersom det blir mange fleire år med oppblomstringar av dei.

Dei gode verdiane var eit utbytte frå arbeidet mjøsaksjonen gjorde på 70- og 80-talet.

Grønne kantområde

Eit tiltak som kan kome fleire til gode er å la vekstane stå langs breidda av vassdraga.

– Ved å la gras, planter og tre stå, vil dei ta til seg noko av den gjødslinga som blir vaska vekk frå jordbruksområde og hindre erosjon, seier Thrane.

Jan Erik Thrane

VANSKELEG Å KOME TILBAKE FRÅ: Mellom 2000 og 2010 var det gode nivå på fosfor og næringssalt i Mjøsa, men det siste tiåret har det skjedd noko.

Foto: Haakon Haaverstad, SNO

I tillegg er det bra for å senke temperaturen i vatnet, og vil vere til god nytte for fisk og insekt som bur langs vassdraga.

Viktig å gjere noko no

Mjøsa er Noregs største innsjø, og dersom det ikkje blir gjort noko med utviklinga no, kan det få konsekvensar for andre norske vassdrag.

– I Mjøsa er det hovudsakleg fosfor som har vore eit problem, men det er også høgare nitrogennivå. Når innsjøen renner ut i Glomma, og så i Oslofjorden, går ein frå ferskvatn til saltvatn. Der kan nitrogen vere eit større problem, seier NIVA-forskaren, Jan Erik Thrane.

Tidlegare i år har Miljødirektoratet også slått alarm om nitrogennivået i Oslofjorden. No er det ein eigen plan for å redde fjorden:

Flere saker fra Innlandet