Hopp til innhold

Brannkatastrofen i 1822: Presten redda seg ved hjelp av bibelen

116 personar mista livet i Noregshistorias største brannkatastrofe. I ei ny bok prøver forfattaren å finne ut kven som hadde skulda for tragedien.

Brann i Grue kirke

Berre sju av dei som mista livet i brannen var vaksne menn, resten var kvinner og barn.

Foto: Illustrasjon: Brødrene Brunskow

Det er 1. pinsedag i 1822. Grue kirke er fylt til randa, omlag 600 personar er på plass for å høyre sokneprest Iver Hesselbergs patosfylte preike.

– Pinsa var ei stor høgtid på linje med jul og påske. Samtidig var det påbod om å møte i kyrkja, så heile bygda var på plass, fortel forfattar Christopher Hals Gyseth.

Så smell det plutseleg. Ein eksplosjonsarta brann tek til, flammar og svart røyk kjem ut

Fatet som tende brannen?

På dette fatet låg truleg glørne som starta Noreghistorias verste brann.

frå eit vindauge fire meter oppe på veggen. Kyrkja er tjærebreidd og er overtent på eit blunk, og det blir ein kamp for å kome seg ut.

– Dørene i kyrkja vende innover. Så når alle skulle ut samtidig lukka dørene seg, og folk vart ståande å stange. Så mange vart klemt i hel på grunn av trengsla.

To mistenkte

Til saman mista 116 livet i brannen 26. mai 1822, og det vart stort sett berre kvinner og barn som døde i landets verste brannkatastrofe. Forfattar Christopher Hals Gyseth har prøvd å finne ut kva som skjedde.

– Det har alltid vore eit mysterium kva som starta brannen og kven som forårsaka det. Kong Karl Johan utlovde i 1823 ei stor påskjøning for den som kunne kome med svaret, men den er det ingen som har innkassert.

Han har likevel enda på same teori som fleire tidlegare har lansert.

– Det kom truleg gneistar frå eit fat med glør kyrkjetenaren kom berande med for å tenne alterljosa. Truleg bles det glør inn under panelet på utsida. Så danna det seg gass mellom panelet og tømmeret som tok fyr.

To menn vart mistenkte for å ha skulda. Den eine var den gamle kyrkjetenaren, Tosten Utsikt, som var den som hadde ansvaret for å tenne altarljosa.

– Det var også ein som heitte Bendek Olsen som vart mistenkt i etterkant, men ingen vart tiltalt eller dømt, fortel Gyseth.

Iver Hesselberg

Sokneprest Iver Hesselberg redda seg ved å slå bibelen gjennom eit vindauge. Han heldt fram å bu i Grue, og var sterkt prega av brannen resten av livet.

Foto: Ukjent kunstnar

Bibelen berga presten

Sokneprest Iver Hesselberg var ein av dei som klarte å redde seg ut. Han fekk bokstavleg talt bibelsk hjelp.

– Han hadde ein jarnbeslått bibel som vog minst fem kilo, og brukte den til å slå seg gjennom vindauget.

Håpet om å finne det endelege svaret på kva som eigentleg skjedde i Grue kirke for 196 år sidan er nok borte, men historiene og teoriane lev vidare.

– Det har vore veldig interessant og gripande å setje seg inn i desse historiene. Dei som overlevde fortalde kor kor grufullt og forferdeleg det var inne i kyrkja.

Brann i Grue kirke

Ingen vart nokon gong dømt for å ha skulda for brannen i Grue kirke.

Foto: Illustrasjon av ukjent kunstnar

Flere saker fra Innlandet