No rykkjer dei inn på hyttene: – Dette har eg stunda etter

SJUSJØEN (NRK): Hyttefolk er på plass over heile landet. Lars Frelumstad frå Holmestrand sette seg i bilen halv sju på morgonen for å flytte inn så fort han fekk lov.

Hyttemann på Sjusjøen

ENDELEG: Han har gledd seg lenge til å få vere på hytta igjen, og stod opp tidleg på morgonen for å komme seg til fjells.

Foto: Eilin Spolèn Juva / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Mannen frå Holmestrand kallar hytta på Sjusjøen for «sin første heim». Huset i Holmestrand kjem på andreplass. Han elskar å vere på hytta si, og seier det har vore stussleg å ikkje ha lov til det no.

20. april vart hytteforbodet oppheva. Det vart innført for å ikkje overbelaste helsevesenet i hyttekommunane. Myndigheitene anbefaler framleis at ein unngår alle unødvendige fritidsreiser utanfor eigen kommune.

NRK har snakka med folk fleire plassar i landet som allereie er på plass på hyttene sine. Mellom anna i Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestfold og Telemark.

– Stussleg

Frelumstad frå Holmestrand har verkeleg sakna å vere på hytta si på Sjusjøen i Ringsaker.

– Det har vore litt stussleg no, men når omstenda er som dei er må ein finne seg i det.

Hyttemann klar for å flytte inn

KLAR: Å kunne flytte inn på hytta er noko Holmestrand-mannen har lengta etter lenge. No skal han utnytte skispora på Sjusjøen.

Foto: Eilin Spolèn Juva / NRK

For å unngå trafikken gjennom Oslo køyrde han heimanfrå halv sju på morgonen og var framme kvart over ni. Hytta på Sjusjøen kjøpte han for skimoglegheitene, og gler seg til å få nokre turar framover.

– Eg blir her ei vekes tid. Då skal eg gå på ski og måke litt snø. Det er det det går i, seier mannen frå Holmestrand.

Tek smitteomsyn også på hytta

Erna Helland Hauge stod klar til å flytte inn på hytta i Florø i det klokka slo tolv, og forbodet vart oppheva. Pinnekjøtet som skulle blitt brukt i påska blir til betasuppe-middag no.

– Det var ei stor lukke. Vi har venta på det. Det var første påska vi ikkje har vore her sidan vi bygde hytta i 2002, så det var veldig kjekt å få komme opp, seier Helland Hauge.

Erna på hytta si i Florø

LUKKELEG: Erna Helland Hauge brukar å sitte på hytta og sjå alle vårteikna på denne tida. No er ho glad for å kunne vere på hytta igjen.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Mannen har ein jobb han måtte til Florø for å gjere, og ho slengde seg med. Men tar like mykje smitteomsyn der som heime i Bergen.

– Det er ikkje fritt fram. No var eg på butikken og der brukte eg hanskar, sprita meg når eg gjekk inn og sprita meg når eg gjekk ut igjen. Så det er akkurat dei same omsyna som i travle Bergen.

– Godt å få sette nøkkel i låsen

Hytteeigar Astrid Nordgård, som også leiar for Grytelva hytteforeining, er på plass på hytta si på Trillemarka som ligg mellom Sigdal og Numedal i Buskerud.

– Eg gler meg veldig til å sitte i sola her i dag, seier ho.

Ho stadfestar at den stille og rolege hytta er som paradis på jord for ho. Den siste tida med hytteforbod seier ho har vore heilt grei.

– Eg har blitt godt kjent i nærområdet heime, og har oppdaga mange nye stiar. Eg har håpa på at denne dagen skulle kome før vinteren var heilt slutt, seier ho.

Hytteeigar Astrid Nordgård på hytta

SOLSTEIK: Hytteeigar Astrid Nordgård gler seg til å sitte i sola på fristaden hennar, hytta.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Ho var på hytta torsdag 12. mars då Noreg vart stengt ned.

Hytteeigar Astrid Nordgård

NØGD: Astrid Nordgård er nøgd med å vere attende på hytta.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Då var det berre å pakke saman og kome seg heim. Det kjendest greitt. Folk flest respekterte og aksepterte det, seier Nordgård.

Hytta er ein fristad for Nordård, og ho har ei lengt etter hytta når ho ikkje er der. Når ho no endeleg kunne sette nøkkelen i hyttelåsen igjen seier ho det kjendest godt.

– Og særleg når det var så varmt. Om ikkje så lenge blir det nok ein skitur innover på skareføre, som eg har drøymt om, seier ho.

Glad dei kjem tilbake

Ordførar i Noregs største hyttekommune, Ringsaker, er glad hyttefolket omsider kan komme tilbake. Kommunen har 7000 hytter som har stått tomme no.

– Eg har ikkje sett så mange enno, men reknar med dei kjem i løpet av dagen og veka. Eg har høyrt om nokon som spurte om dei fekk vere her fem over tolv i natt, så interessa er i alle fall til stades, seier Anita Ihle Steen.

Ordfører Anita Ihle Steen på Sjusjøen.

GLAD: Ordførar, Anita Ihle Steen i Ringsaker, er glad for å få tilbake hyttefolket etter ei stille påske.

Ho fortel at dei med hytte der var flinke til å følge forbodet frå starten av. Ordføraren seier det har vore stussleg og stille utan dei, og at fråværet sjølvsagt har gått utover bedrifter og butikkar i kommunen.

Men ho er oppteken av at alle må følge råda frå myndigheitene framover også.

– Er du sjuk skal du vere heime. Er det ei naudsynt fritidsreise eller ei er opp til dei sjølve å vurdere. Men eg ser at hyttebuarane i Ringsaker greier å tenke, så det går nok fint, seier ho.

Fleire kommunar har vore skeptiske til å oppheve hytteforbodet. Ordføraren i Vinje kommune hadde lyst til å halde på det ei stund lengre. I Risør ville dei ikkje oppheve forbod, men måtte snu etter å ha fått mykje kritikk.

Kan måtte stramme inn igjen

Anders Brabrand er kommuneoverlege i fire kommunar i Gudbrandsdalen. Blant dei er Øyer, der Hafjell ligg, med mange hytter. Han trur det skal gå bra å opne for at folk får reise på hytta. Men er likevel litt bekymra for kva som skjer med smittesituasjonen.

– Den bekymringa er ganske stor. No har vi klart å få den under kontroll her, seier Brabrand.

Kommuneoverlege Anders Brabrand

GREITT Å LOSNE OPP: Anders Brabrand trur det er bra å losne opp på forbodet no. Men seier ein må vurdere å innføre forbod igjen om smittesituasjonen blir forverra.

Foto: Aslak Woo Ravlum / NRK

I kommunane han jobbar i har dei ekstra fokus på smittevern på butikkar og liknande. Og han håpar hyttefolket er forsiktige når dei kjem til fjells.

– Viss smittetala igjen begynner å gå opp, så kan ein måtte innføre forbod igjen. Men slik som det er no er det greitt å opne opp. Men folk må fortsette å følge hygieneråda, seier kommuneoverlegen.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 06.08.2020
9409
Smittet
11
Innlagt
256
Døde