No kan du donere til Birken

Dei nesten 10 000 som hadde meldt seg på Birken kan no velje om dei vil donere kontingenten sin for å hjelpe skifestivalen økonomisk.

Birken 2017

BIRKEN: Dei siste åra har rundt 10 000 deltakarar gått Birken på 54 kilometer. I år måtte dei avlyse alle vinterarrangementa sine.

Foto: Geir Olsen / Birken

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Vi ønsker å gi dei påmelde to val. Anten å stå ved kravet om å få refundert 50 prosent av startkontingenten, eller å donere den i solidaritet med Birken, seier dagleg leiar Eirik Torbjørnsen i Birken.

Ifølge Birken-sjefen har mange allereie sagt at dei vil at arrangøren skal få behalde pengane.

Det kostar 1470 kronar å gå hovudrennet på 54 km, medan til dømes StafettBirken kostar 2850 kroner for heile laget.

Sympatierklæringar

Torbjørnsen seier det er vanskeleg å seie kor mange som kjem til å donere kontingenten sin. Men dei har fått mange støtteerklæringar frå både deltakarar og andre som bryr seg om arrangementa.

– Vi er takksame for at mange av dei har uttrykt ønske om å avstå frå refusjon av startkontingent, seier Birken-sjefen.

Eirik Torbjørnsen

TAKKSAM: Eirik Torbjørnsen seier veldig mange allereie har sagt dei vil donere pengane til Birken, og er takksam for det.

Foto: Anne Kari Løberg / NRK

Om ein vil ha pengar tilbake er det berre snakk om å få halvparten, i tråd med både retningslinjer frå Noregs skiforbund og påmeldingsvilkåra.

– Ved avlysing har ein som deltakar krav på å få refundert 50 prosent. Så vi gjer det deltakarane har krav på, seier Torbjørnsen.

Fristen for å krevje refusjon er 3. april. Etter det donerer ein automatisk pengane.

Øystein Engesveen

HANDSREKNING: Øystein Engesveen, deltakar gjennom mange år:

Foto: Privat

Birken-veteran Øystein Engesveen var raskt ut med å oppfordre alle påmelde deltakarar om å ikkje krevje tilbakebetaling.

– La oss gi Birken ein økonomisk handsrekning. Deltakarane har allereie betalt, men får diverre ikkje gått rennet. Du kan jo gå turen likevel, sa Engesveen 11. mars.

Innlegget hans på Facebook, er i skrivande stund delt 39 gonger. Viss dette er delt vidare frå mange av hans vener, er det svært mange som har fått oppfordringa.

I dag har han lagt ut ein ny oppfordring om det same, etter at han fekk høyre om at Birken gir folk moglegheit til å få tilbake halvparten.

Økonomisk vanskeleg

Etter dei måtte avlyse alle Birken-arrangement på grunn av korona, har leiaren også måtte permittere alle dei tilsette heilt eller delvis. No er det berre han sjølv som jobbar fullt, og dei er i ein vanskeleg situasjon økonomisk.

– Vi skulle jo hatt 16 000 menneske på skifestivalen vår over to helger. Permitteringar er eitt av fleire grep vi dessverre måtte ty til, seier Torbjørnsen.

Sjølv om mange fryktar koronakrisa kan vare fleire månader framover, håpar Birken på å kunne arrangere både Birkebeinerløpet i juni og sykkelrittet i august som planlagt.

– Vi har allereie planlagt ein del opp mot dei attståande arrangementa i år. Når vi kjem oss igjennom denne situasjonen vi er inne i no, kan vi puste litt betre med magen også kan vi alle sjå litt framover, seier Birken-sjefen.

Status Norge

Sist oppdatert: 05.06.2020
8504
Smittet
23
Innlagt
238
Døde