Nei til kraftverk

Fleire friluftsorganisasjonar protesterer mot planane om vassdragsutbygging i Gudbrandsdalslågen og Ottaelva.

Kraftverk
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Det er planar om kraftverk både i Nedre Otta, Rosten og Øyom. Forum for Natur og Friluftsliv i Oppland skriv i ei fråsegn at stortingskandidatane i fylket bør seia klart nei til utbygging.

Med i forumet er blant anna av speiderforbundet, jeger- og fiskerforbundet, orienteringskretsen og ornitologisk forening.

Nedre Otta-planar

Det er Opplandskraft som saman med Eidefoss planlegg eit nytt kraftverk i Nedre Otta. Prosjektet blir utgreidd med to alternativ, Pillarguri og Åsåren.

I begge alternativa vil vatnet bli ført i tunnel og kraftstasjonane vil bli lagt i fjell. Alternativ 1, Pillarguri, vil utnytte fallet frå inntaket til Eidefossen kraftverk og til Lågen ved Einangen. Kraftverket vil berøre ei elvestrekning på om lag 18 km og gje ein årleg produksjon på 387 GWh.

Meir motstand

Tidlegare har fleire naturvernorganisasjonar rusta seg til kamp mot utbygginga av Nedre Otta-vassdraget. Naturvernforbundet har uttalt at den planlagde vasskrafttutbygginga får store negative mijløkonsekvensar, mellom anna at det vil skade truga artar.

Fylkesmannen i Oppland har foreslått at det må gjerast ei heilskapleg vurdering av Gudbrandsdalslågen. Samarbeidsrådet for naturvernsaker støttar dette og meiner at dei gjenverande urørte delane av Ottaelva og Lågen blir verna når Samla plan skal vurderast på nytt.

Saka vart sendt ut på høyring på etterjulsvinteren.