Hopp til innhold

Narkomane til bygda

Stadig fleire narkomane flyttar frå Oslo og ut på bygda. Mange av dei hamnar i Vestoppland.

Rusmisbruker
Foto: Jon Eeg / Scanpix

Det seier Harald Balke, som er fungerande leiar for etterforskningsseksjonen for Gjøvik-regionen i politiet.

Balke seier politiet ser ein tendens til at narkomane ønskjer å gøyme seg bort og hamner på Toten, Hadeland og i Valdres.

- Kanskje reknar dei med at det er mindre fokus frå politiet her, seier Balke.

Auke i beslag

I første halvdel av 2008 var det ein auke i talet på narkotikabeslag i Vestoppland samanlikna med i fjor.

Og dersom ein samanliknar Vestoppland og Gudbrandsdal politidistrikt, vart det ble gjort nesten hundre fleire beslag i Gjøvik, Valdres, Hadeland og Toten dei seks første månadane i år.

Årsaka til dette kan vera fleire, meiner Balke.Større satsing frå politiet, gjennomfart av narkomane og fleire behandlingsintitusjonar enn andre stader kan vera med på å forklare mykje.

Men tendensen han tydeleg ser, er at rusmisbrukarar frå storbyen flyttar ut på bygda.

- Vi ser at narkomane kjøper bustad og slår seg til her i området, samtidig som dei fortset den kriminelle verksemda. Dei reknar vel med at det er lettare å drive slik verksemd utanfor sentrale område.

Auke i rekruttering

Det er også inntrykket til Jack Flatvad i foreninga Gatebarnas Far.

- Dei kjem hit i staden, for her er det ikkje så ope og dei får gøymt seg litt, men dei rusar seg ikkje mindre av den grunn, seier han.

- Betyr det at det blir hardare miljø?

- Det inneber jo at det blir større rusmiljø her og større rekruttering.