Politiet måtte rykke ut til naken mann i frukostsal

Sundag morgon fekk politiet plutseleg fleire telefonar frå forskrekka gjestar på eit hotell på Gjøvik. Ein naken mann sprang rundt i frukostsalen.

– Det var vel ikkje akkurat det vakraste synet på ein sundagsmorgon, seier Kjartan Waage ved Politiets operasjonssentral.

Det var litt over klokka åtte sundag morgon at situasjonen oppstod.

Ein naken mann sprang rundt i gangane på eit hotell på Gjøvik. Han banka på dører, vekka folk og til slutt tok han seg også ein tur gjennom matsalen der gjestar sat og naut ein fin frukost.

Det utløyste fleire telefonar til Politiets operasjonssentral.

– Vi fekk ein del telefonar frå fortørna innringarar, seier Waage.

– Han hadde nok teke festen i natt litt vel seriøst.

Politiet måtte rykkje ut til hotellet i Gjøvik sentrum. Der fekk dei følgt den nakne mannen på 28 år frå Oslo attende til rommet sitt.

Dei bad han om å halde seg der til han vart meir edru og påkledd.

Mannen kan no vente seg eit førelegg i posten for omsynslaus og skremmande åtferd.

– Han får seg ei helsing frå politiet, avsluttar Waage lett humrande.