– Å kome seg ut i naturen har vore heilt topp, seier Snorre Pedersen. Han fortel at dørstokkmila har vore lang, men at han no har kome seg ut etter han skaffa seg sykkel med ein elektrisk hjelpemotor inne i ramma.
Salet av elsyklar aukar og synet av elsyklar til fjells og til skogs blir meir og meir vanleg.
Bransjen reknar med å selje 70–80 000 elsyklar i år, det er ei fordobling samanlikna med 2016. Ole Herman Dahlen er dagleg leiar ved Intersport på Lillehammer, han merkar at etterspurnaden aukar.
– Stisykling veks, i hovudsak utan motor, men det kjem òg ein del som ønsker sykkel med motor, seier Dahlen.
– Positivt for folkehelsa
Denne våren bestemte regjeringa at det skal vere lov å bruke elsyklar i utmark.
– Med dette opnar vi for at enda fleire kan komme seg ut i naturen. Dette vil vere positivt for folkehelsa, sa klima- og miljøminister Vidar Helgesen tidlegare i år da regelverket vart endra.
Norsk institutt for naturforsking har tidlegare gjort ei studie på korleis å sykle og ri påverkar stiar, men den tar ikkje for seg i kva for ein grad elsyklar gjer det same.
Usikker på korleis elsyklar slit på naturen
Dagleg leiar Erland Flaten i Den norske turistforeininga i Lillehammer er positiv, men på same tid litt avventande til kva bruk av elsyklar i terrenget vil føre med seg.
– Det som er utfordringa er at vi nesten ikkje har noko erfaring med bruk av elsykkel i skog, fjell og natur. Vi veit veldig lite om kva slags konsekvensar det får, seier Flaten til NRK. Han er usikker på om elsyklar skapar meir eller mindre slitasje enn vanlege syklar.
Stisyklist Snorre Pedersen sett i alle fall pris på tida på sykkel i elnaturen.
– Eg synest det er frykteleg moro, livet mitt er betre når eg kjem meg ut så mykje.