Hopp til innhold

Nedbør og flaum har gitt store skadar

Anders Mausethagen i Brumunddal fekk vatn inn på det nyoppussa badet sitt. Deler av E6, og Gjøvikbanen har vore stengt.

Anders Mausethagen i Brumunddal

DEMNING: Anders Mausethagen i Brumunddal ved huset sitt. Flaumen har sett preg på tomta.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Saka er sist oppdatert 15:15 fredag.

To hus var evakuert i Ringsaker fredag. Det eine fordi vatnet hadde grave ut jordmassar rundt bustaden. Det andre har vore evakuert fordi dei ikkje hadde straum i huset. Minst 66 adresser er råka av vassinntrenging.

Onsdag sende NVE ut flaumvarsel for delar av Austlandet. Auka nedbørsmengder kunne føre til lokale overfløymingar, og overvatn i tettbygde område.

Det kom mykje regn torsdag, og blant anna sette dei krisestab i Ringsaker kommune. Fredag ettermiddag melder kommunen at dei har kontroll på situasjonen.

Anders Mausethagen på Brumunddal

FLAUM: Anders Mausethagen laga demningar rundt huset, men fekk ikkje hindra at vatnet kom inn i huset.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Anders Mausethagen har jobba heile natta med å lage provisoriske demningar rundt huset i Brumunddal.

– I går rann vatnet her i full kraft, så eg fekk tatt alt eg hadde i garasjen og fekk putta det opp, med god hjelp, for å få vatnet leia vekk frå huset og nedover, seier Mausethagen.

Til slutt kom vatnet likevel inn gjennom ventilasjonsluka på det nyoppussa badet. Det er framleis mykje vatn i god straum rundt huset.

FLAUM: Anders Mausethagen fekk vatn inn på det nyoppussa badet.

Trafikkproblem

På E6 mellom Minnesund og Hamar er farten sett ned ved Espa nordover i retning mot Hamar. Det blir arbeida med å fjerne vatn etter regnvêr. Kjem det meir regn, kan det bli vanskeleg, opplyser Statens vegvesen.

E6 mellom Vingrom og Biri

E6 STENGT: Omkøyring går via fylkesveg 123 eller fylkesveg 2538 Birivegen, og er skilta. Tunge køyretøy er anbefalt å køyre om på riksveg 3 Østerdalen.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Vegtrafikksentralen Øst melder at E6 mellom Vingrom og Biri er mellombels stengt i retning Oslo grunna vedlikehaldsarbeid ved elva Vismunda.

– Det er mykje is ved brua, og det ligg også mykje is oppover i elveløpet. Me er no i gang med å grave bort isen, seier Asbjørn Stensrud, seksjonssjef for drift øst i Statens vegvesen, i ein pressemelding.

E6 mellom Vingrom og Biri

STENGT: E6 mellom Vingrom og Biri er stengt retning sør på grunn av vedlikehald i elveløp.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

I Sel kommune er Rondanevegen ved Mysusæter stengt ein kilometer nord for avkøyring Raphamn, på grunn av snøras over vegen.

Gjøvikbanen er stengt mellom Jaren og Gjøvik grunna flaum. Bane Nor kan ikkje seie kor lang tid det vil ta, og kjem med ny vurdering klokka 02.00 natt til laurdag.

Gjøvikbanen er stengt

STENGT: Gjøvikbanen står.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Dovrebanen har vore stengt på strekninga mellom Lillehammer og Brumunddal på grunn av jordras. Trafikken går no som normalt, melder Bane Nor på sine nettsider.

VATN: Dovrebanen mellom Brumunddal og Rudshøgda er oversumt.

Ingen meldingar om personskade

Ordførar Ihle Steen i Ringsaker fortel at talet på meldingar gjekk ned torsdag natt.

Anita Ihle Steen

KRISESTABSMØTE: Ordførar Ihle Steen i Ringsaker sit her i krisestabsmøte.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Når ting skjer brått og intenst slik som dette, så er dette tøft for veldig mange. Eg er glad for at, per no, har eg ikkje fått beskjed om at me har hatt noko helserelatert rundt det, seier ordførar Ihle Steen før klokka åtte fredag.

– Her er det bygningar og eigedommar som treng noko kjærleik i etterkant. Så eg håper at folk føler at dei har kontroll på situasjonen.

Brannvesenet jobbar i Brumunddal

JOBBAR: Brannvesenet jobbar på i Brumunddal.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

I kommunen held dei fram med å ha krisestab.

– Det er viktig at me som kommune jobbar det me kan, og at alle som har eigedommar tar seg ein ekstra runde og kikkar seg rundt, og ser om det er noko ein kan gjere førebyggande.

FLAUM: Det er store skadar etter nedbør i Brumunddal.

Vatn på tomter og i hus

Fleire forsikringsselskap melder om mange skademeldingar om vatn i kjellarar, og dei ventar fleire meldingar i dagane framover.

Vegen blei gravd ut av vatn

UTGRAVEN: Vegen må fiksast etter flaumen hos Hagen.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Helge Hagen fekk oppleve at vegen på tomta blei utgraven av vatn.

– Elles hadde eg ein tilhengar som var ute og bada, men eg har fått dratt den opp på trygg is, seier Hagen.

Dammen hengaren stod i var ein halvmeter djup.

– Dette skjer når det er tela i bakken og det blir bråsmelting. Det finst mykje større kriser rundt omkring, så dette skal me klare, seier Hagen.

Helge Hagen med tilhengar

VATN: Helge Hagen har fått mykje vatn på tomta si i Ringsaker.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Unni og Anders Grytting fekk vatn i kjellaren, noko dei aldri har fått før.

– Det blei rett og slett for mykje vatn. Tela har ikkje gått, og på ein eller annan måte har vatnet funne eigne vegar å gå, og det er dessverre i vår kjellar, seier Unni Grytting.

Ho oppdaga vatnet i kjellaren først fredag morgon.

Unni Grytting i kjellaren.

KJELLAR: Unni Grytting fekk vatn inn i kjellaren.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

I oppkøyringa til huset har dei store krater som står att etter flaumvatn.

– Det er knapt framkommeleg, seier Grytting.

Vegen ved huset til Unni Grytting er øydelagt av flaum

KRATER: Vegen i Brumunddal er øydelagt av flaum.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Meir regn

Meteorolog Martin Granerud seier det kom over 30 millimeter nedbør stadvis i går. Lillehammer fekk mest med 34,8. Det blir vått i Innlandet fredag også.

– Det ser ikkje ut til at det blir like mykje i dag, men at ein får ein stad mellom 10 og 20 millimeter med nedbør, seier Granerud.

Meteorologen meiner det kan komme mellom 5 og 10 millimeter nedbør laurdag, før det blir gravis lettare utover sundagen.

Varselet om flaumfare frå NVE er på gult nivå. Det gjeld ut fredag.

– Det er også eit pågåande varsel om jord-, sørpe- og flaumskredfare, og med meir regn blir nok ikkje denne faren noko mindre, men per nå ligg det på eit gult nivå.

FLAUM: I store område i Brumunddal flauma vatn over vegane.

Oppmodar om å sjekke kjellarane

Brannsjef i Østre Toten, Bård Henriksen, seier fredag morgon at dei hadde mellom åtte og ni oppdrag torsdag. Desse gjaldt stort sett vatn i kjellarar.

– I dag har det roa seg litt, då det har vore kjøligare i natt. Me har fått litt mindre snøsmelting, så no er det tre oppdrag me er ute på no på morgonen, seier Henriksen.

Bård Henriksen

MYKJE VATN: Brannsjef i Østre Toten, Bård Henriksen, seier han ser at snøsmeltinga går for fullt, og at det i kombinasjon med mykje nedbør gjer at det kjem mykje vatn i elvar og mindre vassdrag.

Foto: Terje Hong / NRK

Brannsjefen forventar det vil vere både snøsmelting og nedbør, med fare for overvatn iallfall ut laurdagen.

– Eg anbefaler folk å ta ein kikk i kjellarane viss dei har mykje verdifullt der, at dei tar det opp, så dei ikkje får skade på det, seier Henriksen.

Flaum på Østre Toten

I HAGAR: Flaum på Østre Toten. Forsikringsselskapet har sendt ut gravemaskin for å leie vatnet rundt hytta i Totenvika. Same hytte blei tatt av flaum då Mjøsa steig i 1995, og då kunne ein ro i båt rundt hytta.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Stengde fjellovergangar

I tillegg til mykje vatn på Austlandet, er fleire fjellovergangar stengde.

Dette i tillegg til fjellovergangane som er vinterstengde:

  • Fylkesveg 27 Venabygdsfjellet er stengt.
  • Fylkesveg 51 Valdresflye er stengt.
  • Fylkesveg 2814 Imingfjell er stengt.

Statens vegvesen melder også om mindre hendingar på E134 Haukelifjell og fylkesveg 50 Hol-Aurland. På riksveg 52 Hemsedalsfjellet er det fare for kolonnekøyring.

Les også Mykje regn skaper problem – kommune har sett krisestab

Flom, vannet tar nye veier i Brumunddal