Hopp til innhold

Myggnetting kan redde kålrota

Ny forskning viser at bruk av myggnetting kan redde kålrotproduksjonen.

Kålrotprodusenter på Toten fryktar at dei må leggje ned produksjonen.

Årsaka er at dei to einaste sprøytemidla som stoppar mark frå å innvadere kålrota blir forbode neste år.

Men forskingsleiar Richard Meadow frå Bioforsk Plantehelse seier impregnert myggnetting kan gjere susen!

Kan bli borte

- I dag omset vi for 11 millionar kroner og har om lag 20 årsverk. Dei står i fare for å bli borte, seier Johannes Dyste, dagleg leiar i Toten Kålpakkeri.

Han seier dei må finne noko som kan ta kverken på kålmarken.

- Slik sett er det dramatisk, seier Dyste, som seier dei vil prøve å dyrke kålrot og neste år.

- Men kål med mark i får vi ikkje seld, seier Dyste. Han vil at Mattilsynet skal vise noko meir fleksibilitet slik at dei finn andre midler å ta kålmarken med.

Kan ha løysinga

Forskingsleiar Richard Meadow frå Bioforsk Plantehelse seier impregnert myggnetting kan ta livet av kålmarken.

- Vi har sett på dette fordi det er eit insektmiddel i nettingen og vi har og sett på gjerder av netting utan insektmiddel for å halde marken ute av kålen, seier Meadow.

Men no må dei søkje om å få bruke dette i og med at det er eit middel på nettingen.