Mustad er verdas største fiskekrokprodusent, og sel fiskekrokar for omlag ein halv milliard kroner kvart år. Men dei økonomiske resultata har ikkje stått i stil.
I 1996 vart resultatet etter skatt berre fem millionar på plussida, året etter var den vesle plussen snudd til minus 22 millionar kroner. "Dramatisk" kommenterte administrerande direktør Mikal Røtnes.
Dei store tapa heldt fram i 1998 med -27 millionar, og dermed var oppseiingar ikkje til å unngå. 30 årsverk må vekk, meldte leiinga.
Kanskje er det denne harde medisinen som har gjort at Mustad i dag kan legge fram eit overskot på 10 millionar kroner for fjoråret. Ikkje rart at Mustad spanderte kake på dei tilsette i går!