Hopp til innhold

Musea tapar

Musea i Hedmark og Oppland er taparane i kulturbudsjettet.

 

Av:

Tone Merete Tho

/

Linda Nordlie

I forslaget til statsbudsjett er det lagt inn ei lita auke i støtta til dei aller fleste musea. Men ikkje nok til å betale det det kostar å drive museum.

Tatermuseet på Glomdalsmuseet i Elverum såg ut til å vera ein budsjettvinnar i dag, men det viste seg å vera berre på papiret.

Tvilar på opning

Tatermuseet får 30,7 millionar kroner som er i tråd med finansieringsplanen for museet. Men i statsbudsjettet ligg det ikkje pengar til å drive utstillinga.

Museet søkte om 2,8 millionar kroner, mens regjeringa foreslår 400.000 kroner.

- Nå blir det vanskelig å opne i desember 2005 slik plana var, trur museumsdirektør Jan Hoff Jørgensen.

Skuffa

Hedmark Teater får 7,8 millionar kroner i forslaget til statsbudsjett. Ringsakeroperaen får 977.000 kroner, mens Valdres Sommersymfoni får 420.000.

Arve Tellefsen frå Festspillene i Elverum.

Folkemusikkfestivalen i Førde vann drakampen om status som knutepunktfestival i Norge. Både Peer Gynt-stemnet på Vinstra og Festspillene i Elverum sto på søkjarlista.

- Eg er skuffa over at vi heller ikkje denne gongen når fram, seier styreleiar for festspela i Elverum Torbjørn Bækkevold.

Han vil bruke tida framover til Stortinget skal behandle forslaget til statsbudsjett til å legge press på politikarane.

Ikkje fornøgd

Regjeringa foreslår at Lillehammer kunstmuseum får 4,3 millionar kroner via statsbudsjettet neste år. Direktør ved museet, Svein Olav Hoff, er ikkje fornøgd, sjølv om tilskotet er omtrent det same som i fjor.

- Det ser ikkje ut til at Weidemannsamlinga i Ringebu er med slik vi ba om, seier Hoff.

Utbygging før tida

Utbyggingen av Valdres Folkemuseum kjem inn på langtidsplanen eit år tidlegare enn ein rekna med.

- Det er gledeleg, men vi er redde for andre rammevilkår museet lever under når det gjeld drifta, seier direktør Torhild Tømt.

Ho fryktar det ikkje blir nok pengar til løn og sjukelønsordninga til dei tilsette.

Maihaugen

Maihaugen skuffa

Direktør ved De Sandvigske Samlinger på Maihaugen, Ågot Gammersvik, er svært skuffa over at regjeringa foreslår å støtte museet med berre 28,3 millionar kroner.

- Det ser ut til at vi får ei auke på 800.000 kroner til Maihaugen, mens vi ba om 6 millionar kroner, fortel Gammersvik.

Ho er også skuffa over at berre fylka Nordland og Hordaland, får konkret støtte til museumsreforma.

- Regjeringa ville satse på musea, men det gjer dei ikkje nå, seier Gammersvik.

Kulturminner treng meir

- Dette er ille, er stortingsrepresentant Inger Enger (Sp) sin kommentar til forslaget til statsbudsjett.

Ho har jobba for å få bygningsvern inn på statsbudsjettet. Over 600 verna bygningar er i privat eige berre i Oppland.

Miljøverndepartementet foreslår å auke tilskotet til private eigarar av freda og verna hus med 3,5 millionar kroner. Det betyr at eigarane får 24,9 millionar kroner i 2005 dersom forslaget til statsbudsjett blir vedtatt.

- Vi er ikkje fornøgde med den støtta, seier leiar for Norsk Kulturarv, Dag Lindvig. Men han meiner regjeringa er på rett spor, fordi dei satsar på vern gjennom bruk av kulturminna.

Meir kulturstøtte i Oppland

Maihaugen 28,3 millionar kroner

Lillehammer kunstmuseum 4,3 millionar kroner

Randsfjordmuseene 3,7 millionar kroner

Valdres folkemuseum 2,4 millionar kroner

Toten Økomuseum og historielag 1,3 millionar kroner

Gjøvik historiske samlinger/Eiktunet 1,3 millionar kroner

Per Gynt stemnet 1,2 millionar kroner

Museet i N-Gudbrandsdalen 980.000 kroner

ABM-utvikling 510.000 kroner

Valdres sommersymfoni 420.000 kroner

Norske Festivaler BA 200.000 kroner

Fleire får kulturstøtte i Hedmark

Glomdalsmuseet (investeringstilskot) 30,7 millionar kroner

RinsakerOperaen 977.000 kroner

Hedmark Teater 7,8 millionar kroner

Nord-Østerdalsmuseet 928.000 kroner

Glomdalsmuseet 5,7 millionar kroner

Kvinnemuseet/Kongsvingermuseene 2,8 millionar kroner

Norsk Skogmuseum 11,8 millionar kroner

Hedmarksmuseet og Domkirkeodden 4,6 millionar kroner

Til fordeling av ABM-utvikling 1,6 millionar kroner

Lyd og video

  • Høyr at direktør Jan Hoff Jørgensen fryktar at Tatermueet i Elverum ikkje kan opne som planlagt. Reporter Jorun Vang.