Hopp til innhold

– Vi føler oss latterleggjort

Aksjonistane bak det omstridde mobberegisteret vil ikkje fire på krava.

Mobbing

Dei som står bak aksjonen 'Stopp mobbingen' meiner at korkje politikarar eller skular gjer nok for å stoppe mobbing. (Illustrasjonsbilete)

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Denne helga har vore travel for Tore Sveum frå Hov i Søndre Land. For tre månader sidan var han med og starta aksjonsgruppa "Stopp mobbingen" for å setje fokus på det dei meiner er eit stadig aukande problem i den norske grunnskulen.

Samtidig laga dei eit register over barn som har måttet flytte skule på grunn av mobbing. Reaksjonane har ikkje latt vente på seg etter at Dagsavisen skreiv om dette laurdag, og både Kunnskapsminister Kristin Halvorsen og andre rikspolitikarar gjekk ut og ba skulane boikotte dette registeret.

Halvorsen sa til VG at tiltaket var prisverdig, men at dei burde finne andre måtar å engasjere seg på.

– Forventar svar frå Halvorsen

Måndag formiddag låg det 41 skular inne i aksjonen sitt register. Dette er skular som dei har fått melding om frå foreldre eller andre. Tore Sveum reagerer på måten rikspolitikarane har behandla deira initiativ.

– Ein av foreldra som har teke kontakt med oss sa at dette er som ei ekstra straff for alle oss som har fått ødelagte barn på grunn av mobbing. Når Kunnskapsministeren går ut og meiner det er useriøst og nærmast latterleggjer det, latterleggjer ho på same tid alle oss som har opplevd dette.

Sveum seier at han har sendt mail til Kristin Halvorsen, og at han forventar å få svar på denne.

– Dessverre virkar det som om ho er meir oppteken av å kritisere oss i media enn å svare oss. Eg forventar å få svar, men er ikkje sikker på om eg får det.

Les artiklar om mobbing i Puls.

– Ein liten del av det heile

Stopp mobbingen

Tre personar tok initiativet til å starte aksjonen.

Foto: stoppmobbingen.net

Sveum seier at dei er overraska over fokuset dette registeret har fått, og understrekar at det berre er ein liten del av deira arbeid.

– Vi har sendt bekymringsmeldinger til alle stortingspolitikarane, til alle barnevern- og ppt-kontor, til alle kommunene i landet og til alle skulane. Samtidig har vi teke kontakt med fleire skular for å høyre korleis dei har behandla mobbesaker. Dessverre virkar det som om skulane er meir oppteke av kvar vår informasjon kjem frå enn å rydde opp i problema.

Fleire riksmedier har sett fokus på aksjonen i helga, og Tore Sveum seier at responsen har vore voldsom.

– Vi har fått positive attendemeldinger både gjennom media og til oss direkte. Det er tydelegvis to store motpolar, politikarane som meiner dette ikkje er noko problem, og vi foreldre som ser at dette er eit alvorleg problem.

– Vil auke trykket

Til tross for at fleire politikarar har reagert på aksjonsgruppa sine virkemiddel, vil dei ikkje avslutte sitt mobberegister.

– Bak denne registreringa ligg det som regel ein mangeårig kamp mot skule og helsevesen for å finne ei løysing for eit barn som har lidd. Mange av dei barna som har vorte flytta er ødelagt både fysisk og psykisk for resten av livet.

Flere saker fra Innlandet