– Han er med meg, sjølv om han ikkje er det. For han døydde jo.
Elin Andersen sit på kjøkenet sitt i Hamar. Det er berre dagar til ho set seg på flyet til Bangui, hovudstaden i den Sentralafrikanske Republikk.
Ho er overlege på Ahus. No skal ho ut på sitt aller fyrste oppdrag for Leger Uten Grenser
Passet til sonen Håkon ligg på bordet. Det er blitt ei slags minnebok. Her skriv mora inn turane ho har vore på etter at han gjekk bort i fjor.
No blir det med henne til Afrika.
– Håkon var jo ein gut som ønska seg veldig å komme ut i verda og reise. Han fekk dette passet berre ti dagar før han døydde.
Elin har det med for å heidre reiselysta hans, seier ho.
Og for å ha han nær seg.
MED PÅ REISA: Passet til Håkon er noko av det fyrste Elin Andersen pakkar før avreise til Bangui.
Historia om Håkon
Håkon var det andre barnet i ein søskenflokk på tre. Mora fortel om ein raus og livsglad gut som hadde omtanke for alle rundt seg.
Ho hugsar ein gong han hadde besøk av venneflokken:
– Han hadde så store armar. Han fekk liksom plass til alle i ein einaste stor gruppeklem.
Men i tenåra byrja Håkon å eksperimentere med ulike rusmiddel. Han utvikla rusavhengnad.
Ein sjukdom som han sleit med i fleire år.
Men i tida før mars 2020 gjekk det betre. Håkon byrja på vidaregåande på Ski, og flytta på hybel.
TRU PÅ FRAMTIDA: Håkon var ein livsglad ung mann som hadde tru på framtida. Men under pandemien måtte han vere mykje aleine. Då kom rusproblema tilbake.
Foto: PrivatSå small det.
Koronaen kom til Noreg, og alle måtte isolere seg. Halde avstand til andre. Det motsette av det Håkon og mange andre unge trong for å fikse livet.
«Når meteren blir akkurat avstanden fra senga til ytterdøra, kan tankene bli korte. Kortslutte», skreiv Elin Andersen i ein av dei mest leste kronikkane på
nokosinne.Då den vart publisert i januar hadde Håkon alt vore død i over eit halvt år.
Han vart funnen i senga si på hybelen den 4. mai 2021. Han hadde tatt tablettar for å få sove, men vakna ikkje igjen.
– Han ville ikkje døy, seier mora. Han hadde for mange planar for framtida.
Håkon vart berre 20 år.
Ein gammal draum. Og ei botnlaus sorg
Heilt sidan ho var student har Elin Andersen tenkt at ho ein gong skal ut og jobbe for Leger Uten Grenser.
I 2021 var ho klar. Ungane var store, og det såg ut til å gå bra. Dei siste papira vart underteikna 4. mai 2021, berre timar før ho fekk vite at Håkon var død.
– Det seier jo alt om kva for lynnedslag dette var for oss.
Dei såg det ikkje komme. Ingen visste at Håkon rusa seg igjen, aleine på hybelen. Ikkje mora heller.
– Vi trudde det gjekk betre med han, seier ho stille.
SORG: – Sorga blir ikkje borte, men livet har likevel verdi, seier Elin Andersen.
Foto: Arne Sørenes / NRKSorga er framleis botnlaus. Utan ende. Ho klandrar seg sjølv. Kvar dag.
– Du sviktar på den primære oppgåva som mamma, då. At barnet ditt skal leve. Det ligg mykje sjølvforakt i det, som det er veldig vanskeleg å leve med.
For Elin Andersen handlar det om å leve med sorga. Å finne knaggar i livet som gir meining. Noko å gjere som tar tankane bort frå det meiningslause.
– Men eg reiser ikkje til Afrika for å bli frisk av sorg.
Til det er arbeidet for krevjande. Ansvaret for stort. Ein må stå støtt i skoa for å reise.
– Og det gjer eg, seier Elin Andersen.
Reiser til eit av landa som får hjelp av TV-aksjonen
Elin Andersen er overlege i anestesi. Narkoselege. Ekspert på å lindre smerte.
No reiser ho til eitt av verdas fattigaste land, herja av borgarkrig gjennom fleire tiår.
– Eg vil tru at eg kjem til å møte mange menneske som har stått i større og meir brutale tap enn det eg har gjort.
Den Sentralafrikanske Republikk er eitt av fire land organisasjonen Leger Uten Grenser fokuserer på under årets TV-aksjon på NRK søndag.
Generalsekretær Lindis Hurum har sjølv vore på oppdrag der fleire gongar. Ho fortel om eit land der helsevesenet har store manglar.
– Det er store utfordringar og folk har problem med å komme seg til sjukehus eller lege når dei treng det.
I FELT: Lindis Hurum er lege og generalsekretær i Leger utan Grenser. Ho har fleire opphald bak seg i den Sentralafrikanske Republikk.
Foto: Rebecca Blackwell / ApMen Hurum seier også at det er givande å jobbe under krevjande forhold:
– Menneska der er jo akkurat som deg og meg. Dei drøymer om å ikkje overleve sine eigne barn, og om å bli friske når dei er sjuke. Og det er stort behov for legar, og særleg anestesilegar som Elin Andersen, som kan bidra under operasjonar.
Elin Andersen ser fram til å jobbe med unge pasientar. Til å hjelpe kvinner som blør etter fødsel. Eller assistere ved keisarsnitt.
– Det blir flott. Å sikre kvinner ein trygg fødsel blir kjempefint, seier ho.
No er ho klar.
Til å møte og lindre smerta til dei andre. Ho har kjent den sjølv, og er glad for moglegheita til å kunne bidra.
– Eg er glad for at «prosjekt Leger Uten Grenser» for min del starta før Håkon døydde. Eg snakka mykje med han om dette, og veit at han ville at eg skulle gjennomføre. Eg tar han med meg på reisa no.
PS:
Kvelden før avreise sender Elin Andersen denne meldinga til journalisten. Den kan jo stå som ei oppfordring til oss alle.