Øyvind Berghs minnepris går i år til Jorun Marie Kvernberg frå Møre og Romsdal.
Kvernberg er ein lovande felespelar innan norsk folkemusikk, og turnerer nå landet rundt med gruppa Majorstuen.
Majorstuen si Jorun Marie Kverberg (nr 2 frå venstre) får Øyvind Berghs minnepris.
Peer Gynt-stemnet
Det er styret i Landslaget for spelemenn som avgjer kven som får prisen, som er på 15.000 kroner.
Jorun Kvernberg tek imot prisen på Per Gynt-kvelden i Vinstrahallen søndag 3. august.
Lovande fiolinistar
Øyvind Berghs minnepris vart stifta av dirigent Bergh si enke, Rigmor Bergh, i 1989. Prisen går til unge lovande fiolinistar, helst med bakgrunn i folkemusikken. I 2001 fekk bror til årets prisvinnar, Ola Kvernberg, same pris. Den fyrste som fekk Øyvind Berghs minnepris var Annbjørg Lien i 1989.