Mina Emilie (21) drøymer om å ta over garden, men no kvir ho seg

I dag kjem staten med sitt tilbod i jordbruksoppgjeret. 21-åringen fryktar ho går inn i ei framtid med milliongjeld og arbeid døgnet rundt.

Mina Emilie Gaarder, Toten

ODELSJENTE: 21 år gamle Mina Emilie Gaarder har vore fast bestemt på å ta over garden heilt sidan ho var liten. Men lønsemda har gjort at ho har lurt på om ho bør finne på noko anna.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

21 år gamle Mina Emilie Gaarder har odel på garden heime på Toten. Ho har utdanna seg til agronom.

Og ho vil ikkje jobbe med noko anna enn landbruk.

– Det er jo det som er synd. Unge kjem til å sette seg i den situasjonen. At dei dynkar seg ned i gjeld. Dei kan ikkje sjå for seg ein kvardag utan å drive med dette. Eg kan heller ikkje det, seier ho.

Mina Emilie Gaarder

LANDBRUK: No driv far til Mina Emilie Gaarder med korn. 21-åringen vil starte med ammekyr. Ho veit det vil koste å bygge seg opp ein besetning og komme i gang.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

NRK opplyser om at Mina Emilie Gaarder er kommunestyrerepresentant i Østre Toten, for Senterpartiet.

Bondeopprør

På sosiale medium er bønder no i opprør fordi dei meiner dei ligg altfor langt etter lønna i andre yrkesgrupper.

Bondeorganisasjonane la fram årets krav i jordbruksoppgjeret førre veke. Der kravde dei mellom anna eit tillegg på 18.700 per årsverk og ekstraordinær investeringspakke for dei som går over til lausdrift.

I dag kjem staten med sitt tilbod til bøndene. Mina Emilie Gaarder er redd framtida hennar ser mørk ut, utan betre vilkår for bøndene.

– Lønnsemda må opp. Det gjeld heile landbruket. Det har nesten ikkje flytta seg sidan bestefar dreiv, seier ho.

NRK forklarer

Hva er jordbruksoppgjøret?

Jordbruksoppgjøret er en årlig forhandling mellom Staten og to organisasjoner i jordbruket: Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Det forhandles på vegne av alle bønder i Norge. I jordbruksavtalen presiseres det at bonden er en selvstendig næringsdrivende.

Jordbruksavtalen bestemmer hvilken pris bonden skal få for råvaren sin, hvor store budsjettoverføringer som skal gå til jordbruket, og ikke minst hvordan vi skal fordele disse pengene.

Gangen i jordbruksforhandlingene er slik at organisasjonene først blir enige om et felles krav på vegne av landbruket. Dette overleveres til regjeringen.

Staten går gjennom kravet og kommer med sitt tilbud. Deretter går bondeorganisasjonene sammen, går igjennom tilbudet og bestemmer seg for om de vil gå videre med forhandlinger eller ikke.

Kravet fra bøndene lagt fram: – Vi vil være bønder i framtida også

Bekymra for rekrutteringa

Senterungdommen er blant dei som støttar bøndene sin aksjon, #bondeopprør 21. Leiar, Torleik Svelle (25) er redd odelsjenter- og gutar droppar å ta over garden på grunn av dårleg løn.

Han seier han snakkar med mange som ønsker å drive gard. Men som har begynt å sjå på tala og vurdere andre yrke.

torleik svelle senterungdommen

BEKYMRA: Torleik Svelle, som er leiar for Senterungdommen, er redd fleire som eigentleg vil inn i landbruket, droppar det når ikkje vilkåra er betre.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Eg høyrer historier om folk som har utdanning innan jordbruket og som tar seg jobb der dei kan jobbe med jord og dyr. Men som ser at om dei skal satse sjølv kjem dei til å gå enormt ned i løn, seier Svelle.

Han er bekymra for korleis det ser ut om nokon år, om det ikkje blir ei betring.

– Lønnsemda er i ferd med å nå ei smertegrense. Eg trur og mange ser at i dei fleste andre yrke kan ein jobbe mindre, ha ferie og tene mykje meir. Eg er redd folk kvir seg for å gå inn, seier han.

Høg snittalder på bonden

Anders Melås er forskar hos Ruralis, Institutt for rural- og regionalforsking. Det er eit nasjonalt forskingssenter som undersøker utviklinga i Bygde-Norge.

Melås fortel at sidan 2008 har det blitt 10 000 færre jordbruksbedrifter.

Snittalderen på bonden har vore ganske stabil. Dei siste 20 åra har den auka med 4 år. No er bonden i Noreg 52 år.

Anders Mahlum Melås Forsker III Ruralis – Institutt for rural- og regionalforskning

UNDERSØKER: Forskar, Anders Melås seier dei har ei undersøking ute blant bøndene annakvart år. Der svarer ein del at dei vil anbefale yrket.

Foto: Ruralis

– Men det er ein del i statistikken som kanskje lurer oss og. Ofte jobbar eldre og yngre generasjonar saman. Det kan auke snittalderen litt, seier Melås.

Anders Melås i Ruralis fortel at dei annakvart år sender ut spørjeundersøkinga «Trender i norsk landbruk» til aktive bønder. Han det er fleire no enn før som vil anbefale ungane sine å ta over.

Og det er ein del som faktisk vil inn i landbruket, fortel Melås.

– Det er lite som tydar på at det er økonomien som lokkar. Eg trur mange ser på det som attraktivt å vere sin eigen sjef, jobbe med dyr og jobbe i naturen, seier han.

Har vurdert å droppe garden

På garden Mina Emilie Gaarder kjem frå driv dei blant anna med korn. Draumen hennar er å starte med ammekyr etter ho har teke over.

Men ho veit det vil koste og har lurt på om det eigentleg er verdt det.

– Det er mange gonger ein tenker: kvifor ikkje berre få ein vanleg sju-til-tre-jobb og ha vanleg lønnsauke slik som alle andre har, seier 21-åringen.

Mina Emilie Gaarder, toten

FAMILIEGARD: Garden på Toten har vore i Mina Emilie sin familie i mange generasjonar. Ho er difor ikkje i tvil om at det er denne garden ho skal drive sjølv og.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Fram til ho skal ta over heime, jobbar ho på ein besøksgard i Oslo kommune. Der har ho normal arbeidstid, grei inntekt og får jobbe med det ho elskar.

– Kan du ikkje halde fram i den jobben då?

– Det er jo det eg reknar med folk kjem til å seie. «Du driv jo med dyr i kommunen og har grei inntekt og arbeidstid.» Men dei fleste som er ifrå gard er ikkje i tvil om at det er der ein skal ta over. Eg vil heim til Toten og føre garden vidare til neste generasjon, seier ho.