Kommunestyret i Ringebu vil nå bruke heile to millionar kroner på å bli kvitt myggplaga i sentrumsområdet.
Tørrlegger klekkeområde
Strategien er å angripe fienden der han er mest sårbar - nemleg i våtområdet nord for sentrum der myggen blir klekt ut.
Eit to kilometer langt flomvern mot Lågen skal nå byggjast for å tørrlegge området og hindre klekkinga.
Millionar mot mygg
Kjemisk krigføring med whitispirit i klekkeområda vart prøvd for å fjerne udyret, men myggen stod i mot.
Ordførar Anders A. Fretheim
Skotpremie vart også innført, der alle som leverte inn død mygg fekk ein påskjønnelse, men heller ikkje det hjalp.
Ordførar i Ringebu, Anders A. Fretheim, rustar seg nå til ny kamp, og er sikker på å lykkast.
- Det er dokumentert frå eksperthald at klekkeområda må tørrleggast, for å ta knekken på myggen. Vi er heilt sikre på at det vil redusere myggproblemet, seier Fretheim.