Hopp til innhold

- Stor fare for nye overgrep

Det er stor fare for at mora i overgrepssaka i Alvdal kan begå nye seksuelle overgrep. Det meiner rettspsykiatrane som har undersøkt kvinna og konkludert med at ho er pedofil.

Den 46 år gamle kvinna er, saman med fem andre, sikta for seksuelle overgrep mot fire barn i Alvdal, deriblant to av sine eigne.

I forkant av rettssaka som skal starte i januar, har ho vorte undersøkt av rettspsykiatrar.

Dei meiner kvinna er pedofil, og at det er stor fare for at ho skal gjere nye seksuelle overgrep mot barn.

– Overraska

– Dette blir avvist på det sterkaste av min klient. Eg er overraska over at dei har kome fram til ein slik konklusjon, seier kvinnas advokat, Steffen Brandstad.

Tidlegare har kvinnas eks-sambuar og medtiltalte vorte diagnostisert som pedofil. Nå konkluderer rettspsykiatrar med at det same gjeld for kvinna, og meiner at det vil ta lang tid å behandle henne.

Advokat Steffen Brandstad meiner desse konklusjonane er gjort

på sviktande grunnlag.

– Dei baserer seg på politidokumenta og eit par timar langt møte med min klient. Vi set store spørsmålsteikn ved kvaliteten på dette arbeidet.

Risikerer forvaring

Dersom tingretten kjem fram til at det er stor fare for nye overgrep, er vegen langt kortare til ein mogleg forvaringsdom for dei to hovudtiltalte.

I forslaget til tiltale frå statsadvokaten er det teke atterhald om at aktor kan kome med ein slik straffepåstand under rettssaka i januar.

– Vi meiner det ikkje er grunnlag for forvaring. Eg kan mellom anna påpeike at ho ikkje tidlegare er domfelt, seier forsvarar Steffen Brandstad.

Flere saker fra Innlandet