Måtte ta far sin plass som 22-åring

VANG (NRK): Guro Lajord skulle studere, reise og ha det artig. Men då far døydde lét ho draumane vike for garden som venta.

Guro Lajord

NY KVARDAG: Ho hadde ikkje budd i barndomsheimen på nesten ti år. No har ho teke over rolla til far sin.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Eg skulle flytte til Bergen, men så vart det Vang i staden, seier Guro Lajord.

Ho er 24 år og har drive familiegarden saman med mor si i eit og eit halvt år. Ho har bachelor i agronomi og skulle ta over garden på eit tidspunkt. Men ikkje før om ti år.

Telefonen som endra livet hennar

Guro Lajord var i ferd med å avslutte ein bachelorgrad på Hedmarken då ho fekk telefonen frå mor si. Faren hadde fått hjarteinfarkt på tur og døydde brått. Ho reiste straks heim. Midt i kaoset kjente ho på seg at no måtte ho flytte heim og drive garden.

– Før pappa døydde hadde eg ein odelsrett. Det var fint og flott, og ein dag skulle eg heim og ta over. Men etter dødsfallet var det eg som sat med ansvaret, seier ho.

Aslag Lajord

FAR: Bilete av faren er noko av det første ein ser når ein kjem inn i huset på garden.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

24-åringen har hatt eit sterkt ønske om å bli bonde sidan ho var liten. Den eldste systera hennar gav frå seg odelsretten nokre år før faren gjekk bort. Med ganske nytt fjøs og ein gard i drift, ville ikkje Lajord risikere at mora måtte stå med arbeidet åleine, eller at garden måtte leggast ned.

– Eg ville ta over ein gard som var i drift, ikkje ein som har vore nedlagt i mange år, seier ho.

La alle planer på hylla

Ho hadde planane klare for dei neste ti åra. Ho skulle gå skule i Bergen, ville ut å reise, bu nokre år i Finnmark og gjerne nokre år i utlandet. Alle planane vart lagt på hylla og turen gjekk heim.

Ho hadde ikkje budd heime sidan ho var 15–16 og det var rart å komme heim ti år før planlagt. Dei ho gjekk på skule med bur ikkje lengre i Valdres.

– Eg hadde nok frykta at eg kom til å bli einsam, men det er eg absolutt ikkje. Eg er mykje på farten og er mykje sosial, seier ho.

Har nye draumar

Kvar dag kjem ho på ting far hennar aldri rakk å lære henne om garden. Nokon gonger har ho angra på valet, men ho trivst godt i den nye kvardagen. Ho har jobb og engasjerer mellom anna i bygdeungdomslaget. Og ho planlegg å få ein liten flokk med ammekyr på sikt.

– Det er annleis enn eg hadde tenkt, men eg trivst. Det er stas å drive gard, seier ho.

Guro Lajord og Væren

I FJØSET: Guro har over 100 sauer i det nybygde fjøset. Her prøver ho å roe ned ein litt kranglete vær.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Har du tips om andre som brått fekk endra livet, send sms ho til 1987 eller mail ho@nrk.no.