Gullvinnar Hilde Gjermundshaug Pedersen har tjukke slekta med seg i Oberstdorf.
Både mannen Knut Pedersen og døtrene Ida og Eli er på plass, det same er mora Else, søstera Britt og broren Arve Gjermundshaug.
Nøgd med løpet
Men mannen Knut måtte oppleve stafettdramaet litt på avstand, fordi dottera Ida var sjuk.
- Eg såg stafetten på tysk tv på hotellet. Det var forsåvidt greitt nok, seier Knut Pedersen.
Han meiner Vibeke Skofterud på 1.etappe ga eit godt utgangspunkt for Hilde på 2. etappe.
- Det snødde grådig, og det var nesten perfekt for Hilde å gå ut litt bak, med mange fine ryggar å ta inn att, seier han.
Får ikkje gullklem
- Så dette var nesten som bestilt frå Hilde si side?
- Ho hadde vel håpa å vera litt nærare teten, men såpass mange løparar mellom seg og leiaren trur eg ikkje gjorde så mykje, seier Knut Pedersen.
For Hilde betyr dette gullet at ho endeleg har nådd eit mål ho har sett seg, før ho legg opp skikarrieren.
Mannen Knut var tidleg på telefonen for å gratulere kona, men nokon gullklem må han sjå langt etter. Han får nemleg ikkje koma for nær Hilde på grunn av smittefare.