Historiske prisvinnarar frå Sollia

Ellen Marie Tangen og Hans Bondal frå Sollia vart sett pris på under Matstreif-festivalen i helga. Dei vart dei fyrste vinnarane av Norsk mat- og kulturpris.

Ellen Marie Tangen og Hans Bondal

Ellen Marie Tangen og Hans Bondal vart historiske da dei vann tidenes fyrste Norsk mat- og kulturpris i helga.

Foto: Joar Elgåen / NRK

– Det var kjempeartig. Vi hadde ikkje trua på at vi skulle vinne, det var harde konkurrentar.

Det er reaksjonen frå Ellen Marie Tangen og Hans Bondal frå Sollia etter at dei vann tidenes fyrste Norsk mat- og kulturpris.

Den vart delt ut under festivalen Matstreif i Oslo i helga, skriv Nationen. Bak prisen står Norsk Bonde- og småbrukarlag og Yara. Den skal auke kunnskapen om det nære forholdet mellom lokalmat og kultur.

Mat og musikk

Dei to bøndene frå Østerdalen driv med geit, og prøver etter beste evne å utnytte desse, både heime og på setra. På idylliske Øverdalssetra har dei seterkafé med servering av både mat og kultur.

– Ellen Marie driv med folkemusikk og sang, så vi prøver å gje litt lokalhistorie og folkemusikk til gjestane, i tillegg til maten. Vi håpar at folk skal vere litt klokare, samtidig som dei er mette, når dei reiser att, seier Hans Bondal.

Dei er opptekne av å unytte ressursane på best mogleg måte, og lagar mellom anna spekepølse og spekelår av geit.

– Vi må prøve å få gjort mest mogleg ut av det vi driv med. Mangepusleriet er det som kan halde liv i distrikta. Vi har ikkje moglegheit til å drive stort, så skal du overleve må du ha fleire bein å stå på.

Nina og Øystein Rudi frå Rudi gard i Sør-Fron var også nominerte til prisen, i tillegg til Rørosrein frå Sør-Trøndelag.

Øverdalssetra, Sollia

På idylliske Øverdalssetra i Sollia driv Ellen Marie Tangen og Hans Bondal seterkafé.

Foto: Joar Elgåen / NRK