Hopp til innhold

Marit tok skia til jobben sin i Athen

Då det snødde i Athen tok Marit Skrugstad fram skia sine. Det har ho fått mykje merksemd for.

Marit Skrugstad på ski i Athen

NORSK: Marit Skrugstad frå Dovre tok skia då ho skulle på jobben sin på ambassaden i Athen, denne veka. – Me tok eit bilete og la det ut for gøy, for når du er norsk, så får du vel gå på ski så lenge det «sjoggar», seier Skrugstad.

Foto: Christina Sordina

– Dei fleste medium i Hellas har fanga det opp, på både sosiale medium, radio, og TV. Det har vore nyheitsoppslag om det i Finland, og i USA veit eg det er folk som har sett det. Det tok litt av, seier Marit Skrugstad.

Ho er frå Dovre i Innlandet og jobbar for utanriksdepartementet på ambassaden i Athen i Hellas. Ho flytta dit i august i fjor, og då tok ho med seg skia sine.

– Eg tok med skia, men eg hadde ikkje rekna med at eg skulle få brukt dei til å gå til jobb.

Fleipa om å ta skia

Då det måndag kveld byrja å snø i Athen, tenkte ikkje Skrugstad så mykje over det. Ho skulle nemleg ha heimekontor på tysdagen.

Då ho vakna var situasjonen endra. «Sivil protection» oppfordra alle til å halde seg heime, og vegane var stengde. Fleire av dei som jobba på ambassaden kom seg ikkje på jobb.

Sidan Skrugstad ikkje bur så langt unna ambassaden vart det kontordag for henne likevel.

– Eg fleipa og sa til ambassadøren at det var synd det ikkje hadde «sjogga» meir, for då kunne eg ha tatt skia mine, seier Skrugstad.

Ho venta ei stund, og snøen lava ned. Det vart skitur likevel.

– Uvanleg

Sjølv om det kan snø i fjellområda i Hellas er snø i Athen sjeldan kost.

– Det er snarare veldig uvanleg, seier statsmeteorolog Unni Nilssen og fortel at det er sjeldan det snør i lågområda i Hellas.

Ho seier det er straumingsmønsteret som gjer at det kan snø også i Athen.

– Du får ein del frontar som tar med seg kald luft som kjem nordfrå. Me har hatt ein periode der jet-straumen har bukta seg langt sør, og me har fått inn veldig kald luft i nokre område som vanlegvis ikkje får så kald luft, seier ho.

Laster Twitter-innhold

Fekk eit avbrekk med snø

Med koronarestriksjonane som er i Hellas, så har ikkje Skrugstad fått sett så mykje av landet og byen ho no bur i.

Snø i Athen

AKA: Marit Skrugstad møtte ikkje andre skigåarar på veg til jobb, men tok eit bilete av ein unge som fekk brukt akebrettet sitt i Athen.

Foto: Marit Skrugstad

Ho fortel at det har vore påbode med maske, og at alt av restaurantar og attraksjonar vore nedstengde sidan november. Det har vore forbode å reise utanfor området du bur i og at ein må ha tillating for å gå på butikken.

Ein liten tur i nabolaget, og å gå til og frå jobb er lov, men elles må ein halde seg heime.

– Det er ganske strenge restriksjonar no, for dei ynskjer å berge turistsesongen.

Snøen i Athen var difor eit fint avbrekk, og skituren til Skrugstad gjekk fint sjølv om det tok litt tid før ho hugsa korleis det er å gå på ski.

Marit Skrugstad på ski i Athen

PÅ SKI: Marit Skrugstad er leiar for administrasjon og konsulære saker på ambassaden i Athen. Ho hadde ikkje trudd at ho skulle få bruk for skia der.

Foto: Christina Sordina

– Det var spegelblankt på asfalten, så det gjekk litt trasig i starten. På slutten fekk eg litt betre gli, så då gjekk det betre. Då vart det mykje gode tilrop frå grekarar som såg meg, seier Skrugstad.

Og seinare nytta også ambassadøren høvet til å prøve snøen:

Flere saker fra Innlandet