Hopp til innhold

Mann i 60-åra erklært død etter å ha køyrd i grøfta

I låg hastigheit køyrde bilen av vegen i eit bustadområde på Grua. Livet til mannen stod ikkje til å redde.

UTFORKØYRING: Mannen i 60-åra som køyrde av vegen vart erklært død på staden. Han skal obduserast.

– Vi fekk melding halv åtte i går kveld at ein bil hadde køyrt av vegen på Grua, seier Sissel Svarstad i politiet.

Ulukka skjedde ved eit kryss mellom Myllavegen og Sveavegen i Lunner kommune på Hadeland søndag kveld.

Laster Twitter-innhold

Køyrde sakte

Svarstad i politiet fortel at det ikkje finst vitne til ulukka. Men spor på staden tyder på at bilen køyrde ut i låg hastigheit.

– Den har køyrt ut av vegen, over ein gang- og sykkelsti og inn i ein jordvoll der den har stoppa, seier ho.

Luftambulansen kom til staden og prøvde hjarte- og lungeredning utan hell. Han vart erklært død på staden

Politiet fortel at det er uklart kva som er skjedd her, så mannen skal bli obdusert.

– Kan han ha fått eit anfall?

– Det vil antakeleg obduksjon seie noko om. Om det er snakk om eit sjukdomstilfelle her, seier Sissel Svarstad i politiet.

Mannen i 60-åra er ikkje lokal og var ikkje busett på Grua. Dei pårørande vart varsla om ulukka søndag kveld.