Mann funnen død i Vågå

Ein død person er funnen i Vågå sør for Tesse. Politiet undersøker om det kan vere ein mann som vart meldt sakna tidlegare i sommar.

TILFELDIG FUNN: Ein jeger på rypejakt fann den døde personen måndag.

Politiet fekk beskjeden om at ein død person var funnen tidleg måndag ettermiddag.

– Det var ein jeger på rypejakt som heilt tilfeldig fann personen, seier Jørn Morten Sletta frå Innlandet politidistrikt.

Lensmann i Lesja og Dovre, Jørn Morten Sletta

IKKJE IDENTIFISERT: Politiet kjem til å arbeide vidare med å finne ut kven personen er, men koplar det tett til ein sakna frå i sommar.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Funnet vart gjort i eit skogsområde sør for vatnet Tesse, i nærleiken av ein bekkedal.

Foreløpig er ikkje personen identifisert, men politiet har i dag vore på staden for å undersøke saka. Dei undersøker om det kan vere mannen som vart meldt sakna tidlegare i sommar.

– Vi veit ikkje anna enn at det er ein mann, men vi har ingen andre sakna i området, så det er hovudteorien no, seier Sletta.

Det var i juni ein person vart meldt sakna i området. Pårørande til den sakna mannen er informert om at ein person er funnen.

– Det er ei melding dei har frykta å få, samstundes som dei no har fått eit svar, seier Sletta.

Politiet kjem til å gjere fleire undersøkingar, men det kan ta tid å identifisere personen. Arbeidet på staden er avslutta.