Hopp til innhold

Mann erklært død etter å ha blitt funnen i vatnet i Valdres

Ein mann vart funnen liggande i vatnet i Valdres laurdag ettermiddag. Etter forsøk på gjenoppliving vart han erklært død.

ULYKKE: Det var i Strondafjorden i Valdres i Nord-Aurdal, ein mann vart funnen i vatnet, og seinare erklært død.

Politiet fekk melding om drukningsulykka i Valdres, Strondafjorden, klokka 15.46 laurdag.

– Det er ein mann i 80-åra som har vore i vatnet og har blitt funnen av nokon i nærområdet, seier operasjonsleiar Haagen Løvseth i Innlandet politidistrikt til NRK like før klokka 18.30.

Alle naudetatar vart varsla, og circa klokka 16.00 var dei til stades og starta gjenoppliving.

– Det vart gjort det ein kunne. Både av legevaktlege, luftambulanselege, ambulansepersonell, og andre, men etter circa ein time og eit kvarter vart vedkomande erklært død, seier Løvseth.

Politiet har ikkje opplysingar om kva den omkomne gjorde før han vart funnen i vatnet, men opplyser om at mannen hadde vore åleine.

– Det er ikkje mistanke om anna enn ei rein ulykke, seier Løvseth.

Naudetatane er no ferdig på staden. Dei pårørande blir følgt opp av det lokale kriseteamet.

Politiet seier den avdøde ikkje skal obduserast.

LES OGSÅ:

Flere saker fra Innlandet