Mann død etter ulykke under slakting

Ein mann i 40-åra er bekrefta omkomen på Namnå i Grue. Han døde etter ei ulykke som skal ha skjedd i forbindelse med slakting.

Skilt Namnå

ULYKKE: Det er i Namnå i Grue ulykka skal ha skjedd.

Foto: Mats Sparby / nrk

– Ein person brukte eit slakteverktøy for å slakte ein gris, og skaut seg sjølv, seier operasjonsleiar Sidsel Svarstad i Innlandet politidistrikt til NRK.

Hendinga vart varsla inn som ei arbeidsulykke med personskade til AMK-sentralen, klokka 14.39 tysdag.

– Naudetatane rykka ut til staden, det vart forsøkt gjenoppliving, og dei klarte ikkje å redde livet hans. Mannen døde på staden, seier Svarstad.

Luftambulanse skal også ha rykka ut til staden, ifølge NTB.

Brukte boltepistol

Politiet skriv på Twitter at det skal ha blitt brukt boltepistol. Dei skriv også at avdøde vart treft i mage/brystregion.

Sidsel Svarstad

Sidsel Svarstad er operasjonsleiar i Innlandet politidistrikt.

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK

– Avdøde skal obduserast, og boltepistolen vil bli sendt til Kripos for tekniske undersøkingar, seier Svarstad.

Politiet har hatt kriminalteknikarar på staden, og har hatt åstadundersøking. Det blir oppretta ei undersøkingssak. Dei andre som var på ulykkesstaden vert avhøyrt.

– Me etterforskar dette som ei arbeidsulykke. Etterforskinga må klargjere hendingsgangen forut for ulykka, seier Svarstad.

Ingen har tysdag kveld status som mistenkt i saka.

Lokal tilknyting

Mannen som er omkomen er i 40-åra, og hadde lokal tilknyting. Han skal ikkje vere eigar av garden ulykka skjedde på.

Pårørande er varsla, og blir følgt opp av helsepersonell.

– Det viktigaste no er å ta hand om dei pårørande og dei som har vore rundt når dette skjedde, seier Svarstad.

ULYKKE: Ulykka skjede på Namnå i Grue, nord for kommunesenteret i Kirkenær.