Norske vedprodusentar reknar også denne vinteren med å selgja all veden dei har, - og enda litt til.
Det går fram av ei undersøkjing som organisasjonen Norsk Ved har gjort blant sine medlemmar.
Dermed kan det gå mot lite ved på marknaden også denne vinteren.
Foto: Norsk Ved
Får selt alt
Dei siste dagane har haustlufta meldt seg, og mange byrjar å tenkje på vinterveden. Og dersom du manglar ved til vinteren lønner det seg å vera tidleg ute.
Kappe- og kløyvemaskina hjå Johannes Haukåssveen i Mesnalia går nå nærast døgnet rundt.
- Eg kappar alt den veden eg rekk, og han blir raskt borte, seier han.
Haukåssveen er ein av dei største vedprodusentane i Innlandet. Han har mykje ved som skal ut på marknaden, men erfaringa syner at han får selt alt han produserer.
- Så langt i år har eg vel produsert 700 pallar og 2.000 småsekkar med ved. Dei to siste vintrane har eg gått heilt tom, og må ha kjøpt inn ved frå Litauen, fortel Haukåssveen.
Produserer meir
Norsk Ved er eit forum for norske vedprodusentar. Undersøkjinga, som er gjort blant dei meir enn 3.000 medlemmane, syner at Johannes Haukåssveen ikkje er åleine om å vera optimist i vedbransjen.
- Vedprodusentane har laga meir ved i år enn i fjor, og reknar også med å selje meir, seier Oddvar Espegard som er dagleg leiar i Norsk Ved.