– Utan hjelpa frå Gjendeguiden hadde ikkje dette gått bra.
Det seier Arnt-Helge Nordstrand. Måndag gjekk han over Besseggen saman med kona og sonen.
På veg ned frå fjellet svikta knea hans, og han måtte få hjelp av Besseggenpatruljen til å ta seg ned.
UVÊR: Denne veka har det vore låge temperaturar, mykje vind og regn på Besseggen.
Foto: PrivatÅtte vart henta med luftambulanse
Nordstrand er ikkje den einaste som har teke imot hjelp på den kjende fjellturen i sommar.
Så langt i sommar har både Besseggenpatruljen og luftambulansen gjort fleire redningsaksjonar i området.
Eit anna turfølge som la turen i nærleiken av Besseggen tysdag måtte bli henta med luftambulanse.
Ifølge politiet hadde turfølget på åtte personar gått seg fast, og var kalde og slitne.
– Det var forferdeleg
Nordstrand fortel at han har gått mykje i fjellet tidlegare, men ikkje så lange turar som Besseggen.
Han førebudde seg til turen ved å lese brosjyrar og likande om ferda over eit av Noregs mest populære fjell.
I brosjyrane var det freistande bilete av Jotunheimen i sol og blå himmel.
IDYLL: Det er slik Besseggen stort sett er formidla i sosiale media. Varmt, vindstille og sol. Men ofte er realiteten det motsette.
Foto: @fjelluft16 / InstagramSlik var ikkje vêret då Nordstrand var på tur måndag. Han fortel at det blåste isande vind, regna, sludda, snødde og hagla i løpet av den ti timar lange turen.
– Det var forferdeleg. Det var ingen stader å søkje ly. Eg unner ikkje mine verste fiendar ein gong å oppleve noko sånt.
Mange treng hjelp
Ørjan Venås i Gjendeguiden brukar det meste av sommaren på å patruljere på Besseggen i form av Besseggenpatrulja.
Denne sesongen har dei fått finansiering til å gå turen 50 gonger.
Han seier det er mange som treng hjelp på turen.
PATRULJE: Besseggenpatrulja vart oppretta for å hjelpe folk på den kjende turen. Målet er å forhindre så mange redningsaksjonar. Her er Ørjan Venås på veg over fjellet.
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen– Me har stort sett hjelpt folk på alle patruljane me har gått. Det har vore alt frå dehydrering til beinbrot, seier Venås.
Han seier at mange også slit med høgdeskrekk.
I tillegg kjem dei meir alvorlege oppdraga:
– Berre i sommar har det vore fire oppdrag med luftambulanse som eg kjenner til, og to-tre oppdrag for Røde Kors. Det er mykje så tidleg på sesongen, seier Venås.
Ifølgje tal frå Gjendeguiden sine nettsider var det til saman 23 redningsaksjonar på Besseggen i 2019. Året før var det same talet 17, medan det i 2017 var 29 aksjonar.
– Vær førebudd
Besseggen er eit av Noregs mest populære turmål, og kvart år går over 50.000 personar på fjellet. I år er det venta at det kan bli langt fleire.
Trass ei ubehageleg oppleving på Besseggen, anbefaler Arnt-Helge Nordstrand turen.
Men han oppmodar folk til å vere realistiske.
– Gå gjerne Besseggen. Det er ei oppleving for livet å ha gjennomført. Men planlegg godt. Både med omsyn til klede, sko, mat og førstehjelpsutstyr. Og vær fysisk førebudd, seier han.