Hopp til innhold

Mange treng hjelp på Besseggen: – Eg unner ikkje min verste fiende dette

Han smilte tappert så lenge han orka. Men turen som såg så fin ut i brosjyrane vart reine marerittet for Arnt-Helge Nordstrand.

Foto: Privat

TRENGDE HJELP: Arnt-Helge Nordstrand går mykje i fjellet. Men turen over Besseggen overraska han. Då det var uvêr i tillegg, hadde han behov for hjelp. Biletet vart teke før problema med knea starta for alvor.

Foto: Privat

– Utan hjelpa frå Gjendeguiden hadde ikkje dette gått bra.

Det seier Arnt-Helge Nordstrand. Måndag gjekk han over Besseggen saman med kona og sonen.

På veg ned frå fjellet svikta knea hans, og han måtte få hjelp av Besseggenpatruljen til å ta seg ned.

Foto: Privat

UVÊR: Denne veka har det vore låge temperaturar, mykje vind og regn på Besseggen.

Foto: Privat

Åtte vart henta med luftambulanse

Nordstrand er ikkje den einaste som har teke imot hjelp på den kjende fjellturen i sommar.

Så langt i sommar har både Besseggenpatruljen og luftambulansen gjort fleire redningsaksjonar i området.

Eit anna turfølge som la turen i nærleiken av Besseggen tysdag måtte bli henta med luftambulanse.

Ifølge politiet hadde turfølget på åtte personar gått seg fast, og var kalde og slitne.

Laster Twitter-innhold

– Det var forferdeleg

Nordstrand fortel at han har gått mykje i fjellet tidlegare, men ikkje så lange turar som Besseggen.

Han førebudde seg til turen ved å lese brosjyrar og likande om ferda over eit av Noregs mest populære fjell.

I brosjyrane var det freistande bilete av Jotunheimen i sol og blå himmel.

Jente på Besseggen

IDYLL: Det er slik Besseggen stort sett er formidla i sosiale media. Varmt, vindstille og sol. Men ofte er realiteten det motsette.

Foto: @fjelluft16 / Instagram

Slik var ikkje vêret då Nordstrand var på tur måndag. Han fortel at det blåste isande vind, regna, sludda, snødde og hagla i løpet av den ti timar lange turen.

– Det var forferdeleg. Det var ingen stader å søkje ly. Eg unner ikkje mine verste fiendar ein gong å oppleve noko sånt.

Mange treng hjelp

Ørjan Venås i Gjendeguiden brukar det meste av sommaren på å patruljere på Besseggen i form av Besseggenpatrulja.

Denne sesongen har dei fått finansiering til å gå turen 50 gonger.

Han seier det er mange som treng hjelp på turen.

Ørjan Venås, Gjendeguiden

PATRULJE: Besseggenpatrulja vart oppretta for å hjelpe folk på den kjende turen. Målet er å forhindre så mange redningsaksjonar. Her er Ørjan Venås på veg over fjellet.

Foto: Kjell Erik Reinhardtsen

– Me har stort sett hjelpt folk på alle patruljane me har gått. Det har vore alt frå dehydrering til beinbrot, seier Venås.

Han seier at mange også slit med høgdeskrekk.

I tillegg kjem dei meir alvorlege oppdraga:

– Berre i sommar har det vore fire oppdrag med luftambulanse som eg kjenner til, og to-tre oppdrag for Røde Kors. Det er mykje så tidleg på sesongen, seier Venås.

Ifølgje tal frå Gjendeguiden sine nettsider var det til saman 23 redningsaksjonar på Besseggen i 2019. Året før var det same talet 17, medan det i 2017 var 29 aksjonar.

– Vær førebudd

Besseggen er eit av Noregs mest populære turmål, og kvart år går over 50.000 personar på fjellet. I år er det venta at det kan bli langt fleire.

Trass ei ubehageleg oppleving på Besseggen, anbefaler Arnt-Helge Nordstrand turen.

Men han oppmodar folk til å vere realistiske.

– Gå gjerne Besseggen. Det er ei oppleving for livet å ha gjennomført. Men planlegg godt. Både med omsyn til klede, sko, mat og førstehjelpsutstyr. Og vær fysisk førebudd, seier han.

Flere saker fra Innlandet