Hopp til innhold

Må hente inn pensjonistar

Dobbeltdrapssaka i Søndre Land skapar store problem for politiet.

Fra småbruket i Søndre Land der drapet skjedde.

I alt fem personar er tiltalt for eitt eller to drap i Søndre Land.

Foto: Anne Marie Hvattum / NRK

I dag startar rettssaka etter det brutale dobbeltdrapet i Søndre Land.

I alt fem personar er tiltalt i saka, og vakthald og transport av dei tiltalte krev så store ressursar at Vestoppland politidistrikt må hente inn pensjonistar for å ha nok folk.

- Det er vel fyrste gong i historien at vi har gjort det, seier stasjonssjef på Gjøvik politistasjon, Bjørn Ottersen.

20 mann kvar dag

Stasjonssjef ved Gjøvik politistasjon, Terje Ottersen

Stasjonssjef ved Gjøvik politistasjon, Terje Ottersen, håpar skurkane held seg i ro dei seks vekene rettssaka held på.

Foto: Jorunn Vang / NRK

Ettersom tinghuset på Gjøvik er for lite skal rettssaka gå på Lillehammer. Det byr på problem for Gjøvikpolitiet, som har ansvaret for å sikre rettsbygninga og transportere dei tiltalte til og frå rettssalen kvar einaste dag saka går.

- Vi kjem til å ha 20 mann på Lillehammer kvar einaste dag rettssaka går, seier Ottersen.

Det tilsvarar rundt 80 prosent av den ordensstyrka politiet på Gjøvik har tilgang til kvar dag.

Må køyre 100 mil kvar dag

Dei fem tiltalte sit fengsla forskjellige stader på Austlandet, og kvar dag må politiet køyre 100 mil fangetransport.

Sjølv om Gjøvikpolitiet har lånt inn politifolk frå både Hadeland og Valdres i tillegg til pensjonistane, er Ottersen bekymra for om han har nok folk. Nå håpar stasjonssjefen at det ikkje skjer for mykje anna dei seks vekene saka pågår.

- Skjer det noko grovt nå så kan vi få store problem. Da må vi be om bistand frå andre stader, og det kan ta tid. Så det får store konsekvensar å binde opp så mykje folk på Lillehammer kvar dag.

Flere saker fra Innlandet