Hopp til innhold

Bil med tilhengar køyrde av vegen – ein sendt til sjukehus

Tre personar vart skadd då hengaren losna frå bilen og dei køyrde av vegen. Ein er sendt til sjukehus.

ULUKKE: Ulukka skjedde på E136 i Gudbrandsdalen. Bilen hadde ein hengar med last som losna.

Tre personar sat i bilen som køyrde av vegen. Luftambulanse og andre naudetatar rykka til staden, seier operasjonsleiar, Kristian Bjaanes.

Ulukka skjedde på E136 på Lesjaverk i Lesja kommune i Gudbrandsdalen.

– Tilhengaren losna og dei køyrde av vegen, seier Bjaanes.

Alle involverte vart behandla av luftambulanse på staden. Føraren av bilen og ein passasjer vart sendt til Otta legevakt.

Ein av dei tre i bilen er no sendt til sjukehus i Molde. Bjaanes seier det er uklart kor alvorlege skader denne personen har fått.

Vegen forbi ulukkesstaden er delvis open, melder politiet.

Flere saker fra Innlandet