Hopp til innhold

Livet som spelavhengig blei for tungt

Eksmannen til Anne Bolsø tok livet sitt etter mange år med spelavhengigheit. Spelavhengige har desperat behov for hjelp.

Ex-mannen til Anne Bolsø tok livet sitt etter mange år med spilleavhengighet

Då Anne Bolsø konfronterte mannen sin med ei ubetalt rekning, kom det fram at han var spelavhengig og hadde spela bort rundt 800 000 kroner. Det snudde opp ned på livet til familien.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Ein dag spurte Anne Bolsø mannen sin om ei ubetalt rekning. Svaret ho fekk snudde opp ned på livet hennar.

– Det neste døgnet kom det fram at han var spelavhengig og at han hadde spela bort 800 000 kroner.

Det er 6 år sidan det dramatiske døgnet, og ofte tender ho eit ljos for å minnast faren til sine to barn.

Fekk ikkje hjelp

Mannen forsvann den dagen, og Bolsø frykta for livet hans.

– Som eit siste forsøk, så senda eg eit bilde av den eldste dottera vår med beskjed om at ho elska han og at ho trong han i livet sitt, og det gjorde at han snudde og kom heim den dagen.

Men historia enda ikkje der. Bolsø seier at dei ikkje vart tatt på alvor då dei søkte om hjelp for mannens spelavhengigheit.

– Kompetansen var ikkje god nok, dei forstod ikkje omfanget, seier Anne Bolsø.

Trond Aspeland

Trond Aspeland er terapeut og arbeider med å behandle spelavhengige. Han seier at kapasiteten er sprengt, og at dei bryt med ein del avtaler om å vera innanfor tidsfristar.

Foto: Stein S. Eide / NRK

Trond Aspeland er terapeut og arbeider med å behandle spelavhengige. Han seier at talet på personar som ynskjer behandling har auka frå 150 til 250 i løpet av eitt år.

– Kapasiteten er faktisk sprengt, vi opererer med ventelister, og vi bryt med ein del avtaler om å vera innanfor tidsfristar, seier Trond Aspeland

Både Hjelpetelefonen for spelavhengige og Blåkors har sett same trenden, behovet er større enn tilbodet. I fjor hadde Hjelpetelefonen rekordmange førespurnader, eit klårt fleirtal dreia seg om utanlandske casinospel på nett.

Lill-Tove Bergmo

UROA FOR SITUASJONEN: Leder i Spillavhengighet Norge, Lille-Tove Bergmo, er uroa for dei lange ventelistene på behandling av spelavhengige.

Foto: Privat

Leder i Spillavhengighet Norge, Lille-Tove Bergmo er nå klår på at noko må gjerast. Ho seier behandlingstilbodet i dag er ein eller to timar i veka hjå ein psykolog, som kanskje ikkje har erfaring med spelavhengigheit.

– Og dei få som har erfaring, opplever nå ei kjempeauke, så der er det veldig lang ventetid for alle som freistar å koma inn, seier Bergmo.

Tek signala på alvor

Helsedirektoratet arbeider nå med ein ny handlingsplan mot spelavhengigheit. Målet er at færrast mogleg skal få problem, men dei vil også sjå på behandlingstilbodet.

Linda Granlund, divisjonsdirektør for folkehelse i Helsedirektoratet

Linda Granlund er divisjonsdirektør ved folkehelse og førebygging, og seier dei vil ta med seg innspela inn i den nye handlingsplanen.

Foto: Rebecca Ravneberg / Helsedirektoratet

Linda Granlund er divisjonsdirektør ved folkehelse og førebygging, og seier dei tek signala på alvor.

– Vi vil ta dette med oss saman med dei andre innspela vi får frå mellom anna brukarorganisasjonane på å laga best mogleg tilbod i den nye handlingsplanen, seier Granlund.

Orka ikkje leva med spelavhengigheit

Eksmannen til Anne Bolsø fekk til slutt betre hjelp, men kanskje kom hjelpa for seint. Han sprakk fleire gonger, og i fjor sommar førte spelavhengigheita til at han ikkje orka å leva lenger.

Nå håpar Bolsø på at tilbodet blir betre for dei mange som er råka.

– Det er viktig for meg at vi begynner å snakke om denne problematikken og setter søkjeljoset på det, slik at det kan skje ei endring, seier Bolsø.

Flere saker fra Innlandet