Lillehammer blir raudare og raudare. Riktignok får RV ein representant mindre, men SV og Ap får tre nye!
Synnøve-effekten
Synnøve Brenden Klemetrud har vore sin markant politikar for OL-byen i nordenden av Mjøsa. Ho får fornya tillit frå veljarane.
Arbeidarpartiet får 38,2 prosent av røystene. Dette er vel fire prosent betre enn ved førre kommuneval.
SV gjer det og godt. Med ei oppslutnad på 15,5 prosent får dei to nye representantar i kommunestyret. Riktignok er resultatet det same som dei hadde ved stortingsvalet for to år sidan, men altså betre enn for fire år sidan.
Frp vinn terreng
Knut Larry Trannum og Framstegspartiet får og fleire veljarar i ryggen. Dei får ein vekst på tre prosent, og får to nye representantar i kommunestyret.
Høgre må sjå at partiet ikkje klarte å bli noko sterkare opposisjonsparti i Lillehammer.
Dei fekk 13 prosent av røystene, noko som ga tre representantar mindre enn dei har i dag. Resultatet er 6,2 prosent dårlegare enn for fire år sidan.
Kristeleg Folkeparti får og ein representant mindre. Dei hamnar på 4,8 prosent, noko som er 2,4 prosent dårlegare enn for fire år sidan.
For Venstre og Sp er det berre mindre endringer, og dei held fram med tre og seks representantar.