Hopp til innhold

Leslie Ayres (76) er ein av Noregs eldste isklatrarar

– Eg meiner ein skal leve som i dag er siste dag, seier han.

Isklatrer

ISKLATRAR: Leslie Ayres har drive med isklatring sidan han kom til Noreg på 70-talet. Han har ingen planar om å gi seg enno.

Foto: Geir Bernhard Randby / NRK

76-åringen er på veg opp eit bratt elvejuv i Hallingdal. Han drar seg oppover med isøksa og borer inn skruar som sikring undervegs.

– Eg er redd av og til. Eg er ingen supermann som går rundt og er eplekjekk, seier Leslie Ayres.

Men 20 meter oppi fjellsida er han ikkje redd.

– No er eg i meistringsfasen. Det er ei god kjensle, seier isklatraren.

Fascinert av is

Ayres kom til Noreg frå England på 70-talet. Det var naturen som lokka han hit og isklatring har han drive med sidan då. Han blir trigga av det han ikkje kan kontrollere.

– Isklatring er fascinerande. Det forandrar seg frå dag til dag. Du veit aldri kva du kjem til, seier han.

Isklatrer

SIKKERHEIT: 76-åringen er oppteken av sikkerheita når han klatrar på is. Han brukar isøks, stegjern og isskruar.

Foto: Geir Randby / NRK

Karsten Øyhus er styreleiar i Valdres Klatreklubb og er 45 år yngre enn Ayres. Han er med ut og føler seg i trygge hender saman med den erfarne klatraren.

Isklatrer

IMPONERT: Karsten Øyhus (31) seier han blir imponert over den spreke klatrekompisen.

Foto: Geir Randby / NRK

Han lærer mykje på turane og lar seg imponere av 76-åringen.

– Det gir framtidshåp for ein sjølv. At ein kan fortsette etter ein blir gamal, seier Øyhus.

– Imponerande

Ein annan som er imponert over 76-åringen er Stein Tronstad. Han er president i Noregs klatreforbund og kjenner godt til Ayres.

– Isklatring er ein ganske fysisk krevjande sport. Du må ha kondisjon, styrke og tekniske ferdigheiter. Viss du ikkje er i form er det berre tungt, ufyseleg og nifst.

Stein Tronstad

MANGE DRIV PÅ LENGE: Stein Tronstad kan ikkje garantere at 76-åringen er heilt åleine om å isklatre i ein respektabel alder. Mange klatrarar held koken i ganske mange år, seier han.

Foto: Privat

Han seier isklatring i utgangspunktet ikkje er ein så stor sport. Så det er ikkje utbreidd blant den eldre garde.

Isklatring skil seg frå det å klatre innandørs eller på klippar og fjell på grunn av underlaget.

– Is skiftar eigenskapar frå dag til dag. Vurdering av forholda er ein stor del av sporten, seier Stein Tronstad.

Han oppmodar dei som har lyst til å teste det ut. Men seier det er lurt å ta eit kurs først.

Ein «moden» mann

76-åringen seier folk ofte kommenterer alderen hans. Han har blitt stoppa av folk på gata som meiner han bør slutte med dette.

– Eg synest det er litt fint at folk bryr seg, men det kan bli litt mykje av og til, seier han.

Isklatrer

GIR SEG IKKJE: Leslie Ayres har ikkje ein gong begynt å tenke på å gi seg med hobbyen.

Foto: Geir Randby / NRK

Eit pensjonistliv med avslapping og paraplydrinkar er det siste han ønsker seg. Og han har ingen planar om å slutte med isklatring enno. Sjølv om han er blitt «moden», som han kallar det.

– Om eg begynner å føle det går på sikkerheita laus, at kroppen ikkje toler dei turane eg har lyst til å ta, må eg slutte, seier han.

Flere saker fra Innlandet