Hopp til innhold

Lesja har den beste skolen i landet

Ei undersøking gjort av Kommunal Rapport og NRK syner at Lesja har den beste skulen i landet. – Det er ikkje tilfeldig, meiner ordførar Per Dag Hole.

Video Lesja best i landet

Gjennomgangen måler mellom anna resultata på nasjonale prøver, avgangskarakterar i 10. klasse, elevar per pc og kor mange lærarar utan godkjent utdanning som blir brukt i skulane.

Det er berre ei kommune som kjem ut med toppkarakteren 6; Lesja kommune øvst i Gudbrandsdalen.

– Langsiktig politikk

– Dette skuldast ein langsiktig politikk, der Lesja har bestemt seg for at dei vil prioritere skulen. Samtidig har vi gode og stabile lærekrefter, og startar tenkinga allereie ved barnehagenivå, seier ein stolt ordførar Per Dag Hole.

Han meiner dei gode resultata skuldast ein stor innsats både frå politikarar, administrasjon, tilsette i skulen, elevar og foreldre. Han trur den gode skulen kan dra nye innbyggjarar til den fråflyttingsplåga kommunen.

Per Dag Hole, ordfører i Lesja

Per Dag Hole meiner langsiktig tenking er årsaka til at dei har den beste skulen i landet.

Foto: Dag Kessel / NRK

– Eg trur allereie at vi har trekt til oss folk nettopp på grunn av den klare skulesatsinga.

Knuser "landets beste skule"

I undersøkinga knuser Lesja nabokommunen Vågå, som har gått ut med ei målsetjing og eit prosjekt der dei skal lage den beste skulen i landet. Der Lesja er nummer 1 av dei 430 kommunane i landet, er Vågå heller beskjedent plassert på plass nummer 337.

Per Dag Hole vil helst ikkje bli kjepphøg overfor sine naboar, men trur at det er viktigare med ei langsiktig satsing enn med meir kortvarige prosjekt.

– Viss det er noko vi kan formidle og lære bort til andre, så er alle velkomne til Lesja.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Flere saker fra Innlandet