Hopp til innhold

Leiter etter gjerningsperson etter valdshending med kniv

Politiet er på staden og jobbar med etterforsking. Dei ønsker tips etter ei valdshending med kniv i Lillehammer.

Knivstikking Lillehammer, 12. juni 2024

ETTERFORSKING: Politiet har starta etterforsking etter melding om at ein person var skadd med kniv i Lillehammer onsdag kveld.

Foto: Even Lusæter / NRK

Politiet fekk melding om at ein person i Lillehammer sentrum var skadd med kniv like etter klokka 18.00 onsdag kveld.

Den fornærma vart tatt hand om av helsepersonell. Den skadde personen skal ifølge politiet ha vore oppegåande.

Politiet ville ikkje seie noko om relasjon mellom dei to.

Gjerningspersonen har forlate staden, ifølge politiet. Klokka 22 er han framleis på frifot.

– Vi har ingen opplysningar om at det skal vere fare for andre, seier operasjonsleiar Øyvind Bakken til NRK.

Kniv-Lillehammer

Fleire politipatruljar er på staden onsdag kveld. Politiet er væpna.

Foto: Even Lusæter / NRK

Det er mykje politi i Lillehammer sentrum, der hendinga skal ha skjedd.

– Politiet er på staden og har starta etterforsking. Vi ønsker å komme i kontakt med gjerningspersonen, seier Bakken.

Ifølgje politiet skal hendinga ha skjedd utandørs.

Politiet ber også vitne til hendinga om å ta kontakt med politiet på telefonnummer 02800.

Ein person skal vere skadd med kniv i Lillehammer sentrum.

Flere saker fra Innlandet

Hundeangrep brumunddal

Hundeangrepet i Ringsaker: Rottweileren er avlivet