Kvinna har hatt hytte på Dovre i mange år. Ho skulle gå ein tur i nærområdet. Dei siste som såg henne såg ho gjekk frå hytta i Grimsdalen og austover.
– Vi har gjort grovsøk i natt og driv med finsøk no, seier stabssjef, Pål Erik Teigen i politiet.
FULL STYRKE: Røde Kors, Heimevern og redningshundar søker på bakken etter kvinna.
Foto: Geir Olav Slåen / NRKDet er rundt sju grader og overskya i Grimsdalen. Tåka har begynt å lette.
Ber folk sjekke hyttene
Innsatsleiaren i politiet seier dei fekk melding frå familien om at kvinna var sakna rundt klokka 18 tysdag.
– Kvinna var på hytta si saman med familien sin og ho gjekk ut i totida for å gå ein tur. Ho kom ikkje tilbake, så familien begynte å leite, seier Hans Martin Aas som er innsatsleiar.
BAKKEMANNSKAP: Fram til tysdag formiddag har dei berre fått leita med bakkemannskap, fordi tåka har gjort at dei ikkje kan bruke helikopter.
Foto: Geir Olav Slåen / NRKHytta kvinna gjekk ut frå ligg i Grimsdalsvegen, ikkje langt frå bommen inn til Grimsdalen. Politiet ser på moglegheita for at ho kan ha gått inn ein plass.
– Vi ber dei som har hytter i området rundt Grimsdalsvegen om å sjekke hyttene sine, seier Teigen i politiet.
Stor aksjon
Politiet har kalla ut mange i leitinga. Blant anna er Røde Kors på plassen og frivillige frå norske redningshundar.
Eit Sea King-helikopter er på plass for å hjelpe til. Luftambulanse har også vore kalla ut, men er ferdige der no. 30 personar frå Heimevernet er også med i leitinga.
POLITI: Wenche Irene Bjørnolden og Hans Martin Aas, som er innsatsleiar på jobbar med å finne den sakna.
Foto: Geir Olav Slåen / NRK– Vi har no fem ulike søkelag i sving. Vi held på til vi finn henne, seier innsatsleiaren.
Kvinna skal vere greitt kledd for vêret og i grei fysisk form.
– Det er ikkje noko som seier at ho ikkje skal greie å gå ein tur. Vi håpar på positivt funn, seier Hans Martin Aas.
Det var full leiting gjennom heile natta og dei som var med då, vart bytta ut på morgonen.
– Det er klart dette er ressurskrevjande. Vi er veldig takksame for at dei frivillige hjelper oss, seier Pål Erik Teigen.
HEIMEVERNET: 30 personar frå Heimevernet er kalla ut for å vere med i leitinga.
Foto: Geir Olav Slåen / NRKSamstundes leitar mannskap også etter ein mann som er sakna på Gjøvik.
Dei låge temperaturane og tåka i fjellet har gjort leitinga utfordrande.
– Vi skulle gjerne ha brukt helikopter tidlegare, men det lar seg ikkje gjere, seier Teigen.
LEITEAKSJON: kaldt ver og tåke gjer aksjonen utfordrande for mannskapet