Hopp til innhold

To barn er no komen til rette etter leiteaksjon

Pårørande varsla om at dei to ungane ikkje kom til rette etter tur i Finndalen i Vågå. Etter ei stund kom dei gåande tilbake sjølv.

Leiteaksjon Finndalen Vågå

FINNDALEN: Leiteaksjonen var i Finndalen i Vågå. Ungane kom gåande tilbake sjølv etter å ha vore borte i fleire timar.

Foto: Even Lusæter / NRK

Det var rundt klokka 14.30 at politiet fekk melding om at to ungar ikkje var komen til rette etter å ha vore ute på tur. Dei hadde vore borte i om lag tre timar då dei pårørande varsla politiet.

Politiet sende to hundepatruljar. Luftambulanse, redningshelikopter og fleire frivillige vart også kalla ut i søket.

Atle Bernhoft Von Obstfelder hos operasjonssentralen sa dei kalla ut store styrker i og med at det er snakk om to mindre ungar.

Politiet seier ungane kom gåande tilbake sjølv etter å ha vore ute i fire-fem timar.

Sakna-barn-Finndalen-Vågå

LEITEAKSJON: Ungane var på tur i dette terrenget. Det er bratte fjellsider området i Finndalen.

Foto: Even Lusæter / NRK

Ulendt terreng

Ungane held til i området og var ute på tur for seg sjølv.

– Dei hadde gått av garde med kvar sin ryggsekk og tydelegvis vore på ein liten oppdagingstur i nærområdet til ei seter, seier Von Obstfelder hos politiet.

Terrenget er ulendt med litt bratte fjellsider og ein flatare dalbotn. Det er et skogstrekk i grenseland til tregrensa, ifølge politiet.

Styrkane som vart kalla ut i søket er no sendt tilbake etter ungane kom til rette.

– Tre helikopter var det nokon som rakk å komme fram, andre kom ikkje fram. Og det var 15 redningshundar på veg og mykje mannskap elles for å få ein god start dersom man ikkje skulle finne dei forholdsvis fort, seier operasjonsleiaren.