Låvekrangel i Valdres

Ein verneverdig låve frå slutten av 1800-tallet skaper strid i Vestre Slidre.

 

Låvkrangel i Valdres
Foto: JAN ERIK HELLEREN / NRK

Norsk Folkemuseum på Bygdøy og gårdeigar Ola Einar Robøle er ikkje enige om korleis bygningen skal tas vare på for framtida.

- Eg er ein smule frustrert over Folkemuseet som eigentleg har ansvaret, seier Robøle.

Folkemuseet kjøpte låven på gården Kvåle for over 60 år siden, og meningen var at den skulle flyttes til Bygdøy.

 

Gir tilbake låven

- Eg skal vere den fyrste til å innrømme at vi burde tatt betre vare på bygningen, seier direktør ved Norsk Folkemuseum, Olav Årås.

Nå tilbør Årås å gi låven tilbake til Valdresbonden vederlagsfritt, pluss 100.000 kroner for å restaurere låven. Det synes Robøle er eit dårleg tilbod.

300.000 i kostnader

 

Låvekrangel i Valdres
Foto: JAN ERIK HELLEREN / NRK

- Her har det ikkje vore nokon på alle dei årene dei har eigd låven. Låven har forfalle i så mange år at det vil koste mykje meir enn 100.000 kroner å restaurere låven, seier Robøle.

Han trur det vil koste opp mot 300.000 kroner å ta vare på låven på ein forsvarleg måte.