Hopp til innhold

Lastebil reiv ned tak på bensinstasjon

Ein lastebil reiv ned taket på ein bensinstasjon i Åsnes. Politiet seier det ikkje var nokon personar under taket då det datt ned, og ingen er skadde.

Ifølge vegtrafikksentralen er det små lekkasjar av drivstoff på staden og naudetatane sperra av området.

– Naudetatane rykka ut til bensinstasjonen. Og brannvesenet har sjekka at det ikkje var personar som hadde kome til skade i ulukka, opplyser operasjonsleiar Øivind Bakken i Politiet Innlandet.

Riksveg 2 forbi staden var først stengt, men er opna igjen no.

bensinstasjonulykke
Foto: Mats Sparby / NRK