Løken Gard er eigd av Landbruks- og matdepartementet i dag. I haust har den vore annonsert for sal på den opne marknaden.
– Vi har starta ryddejobben, og det hasta med å stoppe dette salet. Vi har heile tida meint at det å selja Løken gard har vore heilt feil. Derfor er eg veldig glad for at vi klarte å stoppa salet no.
Det seier landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) til NRK. Dette er den første saka ho behandlar etter at ho overtok som minister i førre veke.
Det var den førre regjeringa som ønskte å selje garden.
Tidlegare landbruksminister Olaug Bollestad er knapp i sitt svar om saka, men seier ho er spent på heilskapen i den nye regjeringas budsjett.
Låg ute for 7,3 millionar
Borch fortel at dei ikkje har ei konkret løysning for kva garden skal brukast til enno.
– Eg har vore statsråd i fire dagar. Hovudprioriteten min i denne saka var å stoppa salet av garden. Eg vil bruka tida saman med kommunen for å finna ei løysing som kan sikra formålstenleg eigarskap og drift av garden framover. Det har eg òg vore i kontakt med ordføraren om, seier ho.
Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum tok til orde for å stoppe salet av Løken Gard allereie i valkampen i haust.
Garden låg ute til sals på Finn.no for 7,3 millionar, men salet er altså stoppa. No er også annonsen inaktiv.
Gardstunet har 11 bygningar, ifølge annonsen. Knytt til eigedommen er ein husmannsplass med tre bygg. Det er også 160 mål fulldyrka jord og ei seter. Fleire av bygga er verna og eitt av dei har vore prestebustad.
Olaug Bollestad var landbruksminister då garden blei lagt ut for sal på seinsommaren. Ho opplyser til NRK at ho ikkje har kommentarar til enkeltsaker som kjem frå statsrådar nå, men legg til at ho er spent på å få sjå heilheiten i kva som er den nye regjeringas reelle prioriteringar når deira eige budsjett kjem.
Dette skriv ho via ein rådgjevar på SMS til NRK.
Kritisk til eigarskap
Lene Westgaard-Halle er ny landbrukspolitisk talsperson for Høgre. Ho er kritisk til at regjeringa nå vil behalde Løken som ei statleg bedrift.
– Løken Gård har vore ein god stad for kompetanse om fjellandbruket. Men eg meiner at det er ein defensiv og lite moderne løysing at staten skal drive næring. Det er ein dårleg og dyr politikk.
– Kvifor skal den nye ministeren og departementet eige og drifte ein gard? Det meiner vi bønder som sjølvstendig næringsdrivande skal gjere, og ikkje staten, skriv Westgaard-Halle i ein e-post til NRK.
Borch meiner dette er «ein av mange oppryddingsjobbar som står igjen etter den førre regjeringa».
– Det var avgjerande at vi fekk stoppa dette salet no. Den førre regjeringa gjorde jo ikkje noko. Høgre sine løysingar er jo ofte å selja ting og berre kvitta seg med det. Løysinga vår er at vi ønsker å bruka garden til noko fornuftig. Garden har lange tradisjonar og er ein viktig merkevare for området, seier ho til kritikken frå Høgre.
- Per Einbu tok eit vanskeleg val etter mange års tankeprosess:
Historisk forsking
Dei NRK treff på Løken tysdag, er på si side glade for at salet av staden er stoppa.
– Dette var ei kjempenyheit å få på ein tysdag. Det har vore nokre nervepirrande veker, seier Marit Helene Bryhn-Svensen, lokalleiar i Bonde- og Småbrukarlaget.
Arbeidet for å ta vare på Løken Gard starta i 2018. Det var vedteke at Nibio skulle ut av drifta, og dermed opna det seg opp for andre aktørar.
På oppdrag frå Øystre Slidre vart det undersøkt om det kunne bli oppretta eit nasjonalt senter for fjellandbruk.
Nyleg stadfesta regjeringa det i Hurdalsplattformen, der dei skriv at dei vil etablere eit nasjonalt senter for fjellandbruk.
Forprosjektet til Øystre Slidre konkluderte med at garden passa godt til eit slikt senter. I februar 2021 vart det tilsett ein prosjektleiar for å etablere eit senter for fjellandbruk.
Rådmann i Øystre Slidre, Jostein Aanestad, seier dei er godt nøgde med utviklinga.
– Vi har spelt inn at vi ønska at salet var stoppa, slik at ein kunne halde på kompetansemiljøet her. Det vil vere naudsynt for eit fjellandbruk i heile landet, seier han.
I dag er det 70 kommunar som er definert som fjellkommunar på grunn av kor høgt dei ligg, noko som byr på eigne utfordringar.
- Sal av storgardar har skapt stormar før. Slik som her i Østerdalen:
Far til Vedum vaks opp på Løken
I 2019 var senterpartileiar og noverande finansminister Trygve Slagsvold Vedum og faren hans, Trond Vidar Vedum, gjester på Lindmo.
I programmet kom det fram at Trond Vidar vaks opp på nettopp Løken Gard i Valdres.
Faren fortalde ei sterk historie om at begge foreldra hans døydde av sjukdom. Mora døydde da han berre var sju år. Ei anna kvinne på garden, Oline Gilberg, gjekk inn i morsrolla.
– Men så skjedde det, at faren min fekk kreft. Då var eg rundt 12 år, sa faren i intervjuet.
Faren gifta seg med Gilberg på dødsleiet, som etter det tok seg av Vedum senior.
– Bygdesamfunnet såg kva som skjedde. Eg fekk ein fantastisk oppvekst, trass i at begge foreldra mine var døde, sa Trond Vidar Vedum.
- Du kan sjå heile intervjuet her:
Borch seier dette på spørsmål om Vedums relasjon til garden prega avgjerda om å stoppa salet:
– Det er ikkje slik vi driv politikk. Å selja denne garden var heilt feil, og derfor stoppa vi salet.
– Eg har merka meg at dette har vorte positivt mottatt både i kommunen og området rundt. Mange er glad i denne garden, og ønsker å ha kontroll på kva som blir drifta der, fortset ho.