La ut sensitiv info om studentar

Høgskolen i Innlandet la ut fødselsnummer og namn til 21 potensielle studentar i den offentlege postjournalen i juli i år og i fjor, skriv Khrono. Nokre av opplysningane har vore ute i eitt år. Høgskulen har no fjerna journalane.