Hopp til innhold

Kvinne dømt for å ha svindla mann for 4 millionar kroner

I ein periode på over fire år skal ein mann frå Vestoppland ha overført rundt 16 millionar kroner til ei kvinne. Han trudde overføringane var lån. No er kvinna dømt til fengsel.

Vestre Innlandet tingrett.

DØMT: Kvinna i 40-åra blei dømt for grovt bedrageri, grov rekneskapsbrot, og grovt skattesvik.

Foto: Alexander Nordby

Kvinna er dømt til fengsel i 2 år og 11 månader.

Innan to veker må ho betale den fornærma 4 millionar kroner i erstatning. Det er dette beløpet retten meiner det kan førast bevis for at er svindel.

Dommen slår fast at kvinna i byrjinga av 40-åra lurte mannen til å overføre pengar. Dette gjorde ho ved å spele på kjenslene hans. Blant anna ved å skape tillit til mannen som er i 70-åra, og ved å dikte opp historier.

Hadde seksuell relasjon

I dommen står det at kvinna ikkje kjente fornærma, men at ho oppsøkte han etter å ha fått namnet hans frå ei venninne.

Politiinspektør Richard Røed

Aktor er politiinspektør Richard Røed i Innlandet politidistrikt.

Foto: Frode Meskau / NRK

– Retten fann det bevist at domfelte oppsøkte fornærma i hensikt om å målretta lure han for pengar, seier aktor og politiinspektør Richard Røed.

Ifølge dommen fekk kvinna mannen til å overføre pengar til bankkontoar ho hadde. Han gjorde dette 232 gonger, frå november 2014 til mai 2019.

Summane var på alt frå 2000 kroner til 400.000 kroner.

Kvinna forklarte i retten at mannen overførte pengane som gåver fordi han ønska å hjelpe henne. Ho fortalde at han hadde kjensler for ho, og at dei hadde innleidd eit seksuelt forhold:

Det var «enklare» å spørje om pengar etter at dei hadde hatt seksuell omgang.

Meinte ho ikkje var skuldig

Dommen blei forkynt elektronisk av Vestre Innlandet tingrett den 20. januar.

Advokat og forsvarar Harald Grape seier saka truleg vil bli anka. Dette er ikkje stadfesta fordi kvinna er i utlandet. Grape har ikkje fått kommunisert med domfelte.

I retten i desember 2022 sa kvinna seg ikkje skuldig i bedrageritiltalen. Derimot erkjente ho seg skuldig i to tiltalepunkt. Desse gjaldt grovt rekneskapsbrot og grovt skattesvik. Dette i samanheng med enkeltpersonføretaket hennar.

– Mannen er ein sugardaddy og alle overføringane blei gjort som gåver, seier Grape.

Det seier aktor Richard Røed at retten ikkje er einig i:

– Retten har funne det bevist at fornærma er bedratt for minst 4 millionar kroner, og me hadde tiltale på eit større beløp, seier Røed.

André van der Eynden

Bistandsadvokat for den fornærma mannen er André van der Eynden.

Foto: Knut Røsrud / NRK

NRK har vore i kontakt med bistandsadvokat er André van der Eynden. Han skriv at hans klient ikkje ønsker å kommentere saka.

– Det ligg føre ein dom som klart stadfestar straffbart bedrageri og tiltalte har fått målt ut straff for dette, skriv van der Eynden.

Overførte som «lån»

Av dei til saman 232 overføringane mannen hadde gjort, hadde 210 av dei blitt overført frå mannen sin private konto.

22 transaksjonar hadde blitt trekt frå kontoar som tilhøyrde forskjellige selskap mannen var knytt til som aksjonær og leiar eller styreleiar.

Mannen hadde overført pengar med meldingar på kvar enkelt transaksjon.

106 av dei 232 overføringane var merka med melding som tilseier at mannen meinte han lånte pengane til kvinna. Desse var på totalt nesten 9,7 millionar kroner.

Retten fekk også framlagt utskrifter av overføringane, med eigne notat påskrive.

Advokat Harald Grape

Advokat Harald Grape er forsvarar for kvinna som blei dømt.

Foto: John Inge Johansen / NRK

– At dette er lån har han ikkje opplyst kvinna om, det har han skrive på eigne notat, seier forsvarar Grape.

Ifølge dommen såg nokre overføringar ut til å ha blitt gjort i samanheng med eit eigedomsprosjekt i Thailand. Denne summen utgjorde om lag 4 millionar kroner.

– Dei 4 millionane er også gitt som gåver, seier forsvarar Grape.

Har brukt opp pengane

Kvinna forklarte i retten at mannen var klar over kva ho brukte pengane til. Ho meinte han visste at han ikkje kom til å få pengane tilbake.

Fornærma opplyste at tiltalte ved fleire høve var til stades då han overførte pengane.

Mannen hadde også gitt kvinna BankID-passordet sitt, og sa kvinna ved enkelte tilfelle hadde utført overføringane sjølv.

Domfelte forklarte i retten at heile beløpet på 16 millionar kroner var borte.

Ifølge dommen er pengane brukt til private formål, forbruk, kjøp av «luksusvarer», gambling, nedbetaling av gjeld, reiser, kjøp av varer til enkeltpersonføretaket.

Det er også gjort overføringar til andre kvinner med thailandsk opphav, tilbakebetaling av private lån, overføring til eigne kontoar og overføringar til tidlegare ektefelle sin konto.

Ifølge dommen samsvarer ikkje forbruket med det domfelte skal ha sagt til fornærma at pengane skulle gå til.

Fleire menn

I dommen kjem det også fram at domfelte har mottatt betydelege pengeoverføringar frå tre andre menn, i tillegg til bedriftsleiaren.

Dette skal ha skjedd i perioden 2012 til 2018, og overføringane har fellestrekk med transaksjonane som blei behandla i retten.

Kvinna forklarte at desse mennene var ukjente for ho. Ho sa ho hadde fått kontakt med dei via chattetenester. Ho hevda ho hadde spurt etter og deretter fått utbetalt store pengebeløp.

Retten meiner kvinna bevisst har funne og målretta oppsøkt mennene for å få økonomisk gevinst.

I tillegg meiner retten at kvinna har dikta opp historier om eigedomsprosjekt, om rettslege tvistar i Thailand, at faren var drepen, og at mora trengde medisinar.

– Dei tre andre er det same som fornærma, dei er sugardaddies, seier forsvarar Grape.

Skattesvik og manglande rekneskap

Kvinna var også tiltalt for å ha latt vere å føre fullstendig rekneskap i eit enkeltpersonføretak ho hadde. Dette skal ha skjedd i 2017 og i 2018.

Berekna omsetning inkludert meirverdiavgift utgjorde over 5 millionar kroner.

Korrekt meirverdiavgift, på nesten 1 million kroner blei ikkje betalt.

Selskapet er i dag avvikla, men det skal ifølge dommen ha vore eit selskap for varekjøp og import av gull, med vidaresal til kundar i Noreg og i Thailand.

I 2018 unnlét kvinna også å opplyse om næringsinntekter for inntektsåret 2017, på nesten 1,2 millionar kroner. Dette med ein skatteunndraging på over 500.000 kroner.

– For dette har kvinna erkjent straffskuld, men ikkje for bedrageri, seier forsvarar Grape.

Kvinna er tidlegare dømt, i 2018, for ulovleg innføring av gull til Noreg.

Då hadde ho med seg 31 armband, 90 smykke, to ringar og ei gullplate, som ho ikkje la fram for tollmyndigheitene. Dette hadde ein samla verdi på over 800.000 kroner.

Les også Professor: – Bankbrikkene må vekk

Foto av bankID-brikke i ein plastpose

Flere saker fra Innlandet