Hopp til innhold

Kva kan du dele frå julebordet?

Julebordsesongen kan freiste mange til å ta bilete av kollegaer og vener, for å så dele augneblinken med andre. Kan ein eigentleg dele desse bileta på sosiale medium?

Julebord Illustrasjon

SOSIALT: Julebord kan vere sosialt, men bør helst ikkje delast på sosiale medium.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

– Du har ikkje lov til å dele bilete utan samtykke frå dei som er på biletet først. Men du skal vere utruleg forsiktig med å i det heile tatt ta bilete på julebord eller festar der folk oppfattar at dei sit i eit lukka privat lag og det er alkohol involvert.

Det seier Guro Skåltveit i Datatilsynet. Ho meiner ein burde vurdere om ein i det heile tatt treng å ta bilete:

– Ein kan spørje seg kva alle mobilkameraa gjer med fridomen vår når det til og med på fest og i lukka lag sit folk og deler bilete eller film med andre utanfor.

Likevel, er det noko ein kan dele?

1. Full kollega?

En kollega «tar av» på dansegolvet. Ein annan har sovna i ein stol. Kan eg filme dette og legge det ut på mystory på Snapchat eller Instagram?

– Nei, det kan du ikkje. Viss du skal dele bilete av andre på nett, i sosiale medium, eller på ein blogg, må du ha samtykke frå den som er på biletet, seier Skåltveit.

– I tillegg må ein tenke på at jo meir privat det er, jo meir alkohol som er involvert, eller jo seinare på kvelden det er, jo viktigare er det å vere medviten rundt biletbruk.

2. Prat rundt bordet? Stemningsrapport?

Folk sit og pratar rundt bordet, og eg filmar dette. Eventuelt, eg står i eit hjørne av rommet og filmar ein slags stemningsrapport. Ingen ser i kamera. Kan eg legge ut dette på sosiale medium?

– Då også skal du vere forsiktig. Det kan vere det går heilt fint. Samtidig skal ein hugse på at i eit lukka lag kan du likevel risikere å vise fram noko andre synest er privat. Det blir ei gråsone, seier Skåltveit.

Julebord

KANSKJE DELAST: Dersom ein deler stemningsrapport frå julebordet kan det vere sjenerande for nokre.

Foto: Illustrasjonsfoto: ScanStock / Illustrasjonsfoto: ScanStock

3. Gruppebilete?

Eg tar eit gruppebilete. Alle har villig posert for kamera. Må eg spørje alle på biletet om lov før eg legg det ut?

– Ja, du skal alltid ha fått lov til det. Du treng ikkje ha eit skriftleg samtykke, men du må spørje alle saman om det er greitt at ein legg det ut, seier Skåltveit.

– Sjølv om alle synest at det er greitt at du tar det biletet, så betyr ikkje det nødvendigvis at dei synest det er greitt at du deler det.

4. Person som held tale?

Ein kollega held tale, og sjølv om han eller ho har fått i seg nokre glas for mykje er det særs underhaldande. Kan eg filme talen og legge den ut på sosiale medium?

– Viss nokon som held ein tale har fått i seg for mykje bør du kanskje ikkje filme. La det vere der og då. Og viss ein filmar det, må ein ikkje dele det, seier Skåltveit.

Ho meiner filming og fotografering kan gjere den som talar utrygg.

– Det vil kunne følast ubehageleg, og kanskje legge ein dempar på innslaget.

Måltid med ribbe

ALKOHOL: Festar i lukka lag med alkohol bør ikkje delast i sosiale medium, meiner Skåltveit i Datatilsynet.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

5. Bilete av meg?

Nokon andre har tatt eit lite flatterande bilete av meg og har posta det på Facebook-arrangementet. Korleis kan eg få det fjerna?

– Ta kontakt med den som har delt, og sei frå om at du vil han eller ho skal fjerne det. Det skal dei sjølvsagt gjere, seier Skåltveit.

– Eit samtykke kan du alltid trekke tilbake. Sjølv om nokon seier ja til at eit bilete blir delt, så angrar ein kanskje. Då kan du be om å få fjerna det.