Hopp til innhold

Reidun har gitt heimen sin til eit museum

Kunstmålaren Reidun Tordhol (91) har testamentert huset sitt til Maihaugen.

Kunstnaren Reidun Tordhol og konservator Janeke Meyer Utne

MYKJE Å GÅ GJENNOM: Reidun Tordhol og Janeke Meyer Utne frå Maihaugen går gjennom alle tinga i huset til Reidun saman.

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

Ein ekte, levande kunstnarheim.

Heimen til Reidun Tordhol er fylt med bondemøblar, biletkunst, bøker og gjenstandar frå mange reiser.

Det er fleire år sidan ho testamenterte alt til Maihaugen.

Konservator Janeke Meyer Utne på Maihaugen er veldig entusiastisk og glad.

– Huset til Reidun er eit typisk hus frå tidleg 60-tal. Noko vi treng i byavdelinga vår. Og det føyer seg inn i rekka av andre kunstnarheimar Lillehammer Museum forvaltar.

Maihaugen, Janeke Meyer Utne,

VELDIG TAKKSAM: Konservator Janeke Meyer Utne på Maihaugen er glad for at huset til Reidun Tordhol skal til byavdelinga på museet.

Foto: Ruth Barsten / NRK

Les også: Her ankommer Dronningen Maihaugen alene

Dronning Sonja på Maihaugen
Dronning Sonja på Maihaugen

Hus i «godt selskap»

Kunstnarheimen er i selskap med Sigrid Undset sin heim Bjerkebæk og Bjørnstjerne Bjørnson sitt Aulestad.

Meyer Utne viser fram tomta inne på Maihaugen der huset til Tordhol skal stå.

Byavdelinga i friluftsmuseet viser gamle Lillehammer. Like ved byen ligg bustadfeltet. I bustadfeltet kan dei som besøker museet sjå utviklinga i bustadstandard og familieliv. Her ligg også barndomsheimen til Dronning Sonja.

Med 60-tals heimen til Tordhol får Maihaugen einebustader frå kvart tiår på 1900-talet.

Reidun Tordhol sitt hus

HUSET I HAGEN: Både huset frå 1961 og den store hagen skal flyttast til Maihaugen. Hagen er nedgrodd, og framfor stoveglaset står eit digert grantre. Gjennom hagen renn ein bekk. – Vi manglar berre bekken. Men eg har trua på at det skal bli det også, seier Janeke Meyer Utne.

Foto: Stig Westre / NRK

To arkitektar teikna huset i Bøkkerveien 5 for foreldra til Reidun Tordhol. Då var dei pensjonistar og fekk eit lite, enkelt og funksjonelt hus. Med furupanel i tak, vegger og golv.

Et stykke livshistorie

I 1981 flytte Tordhol, som alt då var ein etablert målar, frå Oslo til Lillehammer. Ho tok over huset slik foreldra forlét det.

Så har ho bygd det litt ut og litt om, og fylt det med sitt eige. Møblane, teppa, bileta, bøkene og hundretals små og store gjenstandar vitnar om eit langt liv.

Kvar år har det komme til noko nytt.

– Huset har vorte slik, akkurat som livet, som har vorte slik, smiler Reidun Tordhol.

Interiør frå kunstnarheimen til Reidun Torhold

IKKJE AKKURAT MINIMALISTISK: Måleria på veggane hos Reidun Tordhol er delvis hennar eigne. Nokre er frå den gongen foreldra hennar budde her. Andre er av gode kunstnarvener.

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

Saman med Janeke Meyer Utne har ho starta arbeidet med å gå gjennom sakene. Det er mykje å få oversikt over.

– Det er jo heilt spesielt at ho sjølv er med og fortel historia til alle tinga til oss. Frå reiser ho har vore på og gåver ho har fått. Da kan vi fortelje historia til huset og gjenstandane her på ein heilt unik måte, seier Meyer Utne.

Interiør fra kunstnarheimen til Reidun Tordhol

BLANDING: Ei lampe frå Ikea, moderne kunst på veggane og bondemøblar. Heimen til Reidun Tordhol er ei fin blanding frå livet hennar.

No er det blitt bok

Denne månaden kom det ut ei bok om kunstmålaren. Den er skrive av Svein Olav Hoff og Øyvind Storm Bjerke.

– Tordhol er ein meister med fargar. Og ho måler stilleben som få andre her i landet gjer etter henne, seier Svein Olav Hoff.

I boka har huset stor plass. Huset er ein viktig del av historia om Reidun og venene.

Reidun Tordhol og Svein Olav Hoff

BOKA: Kunsthistorikar Svein Olav Hoff er ein av forfattarane bak den nye boka om Reidun Tordhol

Foto: Stig Westre / NRK

Kombinasjonen av eldre bondemøblar og moderne kunst er ganske typisk for fleire kunstnarheimar frå 1900-talet, både på Lillehammer og i Oslo.

Les også: Truet av råte på grunn av klima

Har vore ein god heim

Huset i Bøkkerveien har vore ein god heim.

Atelieret til biletkunstnaren ligg inntil stova, nordvendt, slik dei gjer på andre eldre kunstnarbustadar i Lillehammer. 91-åringen går dit og målar nesten kvar dag.

– Det er jo det som er gøy, seier Reidun Tordhol.

Når tida er inne skal det flyttast – saman med alle tinga og den store hagen.

Men ennå bur og målar kunstnaren Reidun Tordhol i det vesle huset ved bekken.

Reidun Tordhol

KJENT FOR BILDE AV PUTER: Dei ekte putene er stilt ut i atelieret, og dei er framleis eit motiv ho kjem tilbake til. – Eg synest jo dei er vakre, synest ikkje du? Også er jo ei pute god å ha heile livet, seier Tordhol.

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

Flere saker fra Innlandet